Heim Nyhende Vil ha statlege språkjobbar til Bergen

Vil ha statlege språkjobbar til Bergen

Eit samrøystes fylkeskulturutval i Vestland vedtok torsdag eit krav om at Språkrådet vert flytta frå Oslo til Bergen, etter eit benkeforslag frå Kari Sørensen Bernardini (Ap), skriv NRK.

Språkrådet er ein statleg etat som skal sørge for at norsk språkpolitikk blir sett ut i livet. Dei har alltid halde til i hovudstaden, men no manar vestlandspolitikarane igjen til kamp for å ei flytting til Bergen.

– Det er ingen grunn til at vi ikkje skal breie desse statlege arbeidsplassane godt utover. Eg trur at kompetansen dei vil finne i Bergen kjem til å ta vare på Språkrådet sine behov, seier Kari Sørensen Bernardini til NRK.

Ved fleire høve tidlegare har det blitt kravd ei flytting av Språkrådet, men desse forsøka har blitt stoppa. Det er i dag om lag 40 tilsette i Språkrådet.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, viser til at lokalisering av statlege verksemder er eit politisk spørsmål.

– Så det er det andre enn eg som avgjer. Eg er ikkje kjend med denne fråsegna, men eg håpar ho byggjer på god relevant kjennskap til organisasjonen og arbeidsoppgåvene våre, kommenterer Wetås på Twitter. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...