Heim Nyhende Stortinget vedtok Språklova

Stortinget vedtok Språklova

Torsdag 25. mars vedtok Stortinget ei ny språklov for Noreg. Sjølv om Noregs Mållag har nokre punkt dei gjerne skulle sett var annleis, er dei nøgde med at den nye lova no er ein realitet.

– Den nye formålsparagrafen i lova, er historisk bra. Han slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Og at det blir lovfesta, må bety eit takskifte for norsk språkpolitikk i åra som kjem, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge til Nynorsk pressekontor.

Han håpar følgene av lova vil bli at styresmaktene aktivt legg til rette for å favorisere nynorsk, så ein kan oppnå reell likestilling mellom nynorsk og bokmål.

Men sjølv om dei er nøgde med mykje, skulle han ønskt at Stortinget ville gå lenger i å stille krav på vegner av nynorsken.

Sanksjonar

Mållaget har særleg gitt innspel knytt til språkreglar for fylkeskommunane, klagerett for organisasjonar, og sanksjonar for brot på den nye språklova. Hauge seier at regjeringspartia på desse punkta ikkje har vore villige til å komme krava i møte.

– Vi meiner jo at Stortinget allereie i dag burde følgt opp den gode formålsparagrafen i den nye språklova. Det lykkast dei ikkje heilt med. Men vi vel å sjå framover og ta med oss at det offentlege sitt ansvar for å aktivt fremje nynorsk no blir lovfesta, og at det er nøydd til å bety ein langt meir offensiv nynorskpolitikk frå styresmaktene i åra som kjem, seier Hauge.

Han har òg forventingar til regjeringa, når dei i år skal leggje fram ei ny opplæringslov.

– Det må bli ei opplæringslov som styrker nynorsken i skolen. Dei må omsetje intensjonane i språklova til praksis og syte for at nynorskelevane får ein betre skolekvardag og ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevane.

Styrker statusen til språka

– Vi er veldig glade for at Stortinget no endeleg vedtar den språklova vi har venta på i over 10 år. At Noreg endeleg får ei språklov, styrker statusen både til språka våre og til språkarbeidet, seier Gunhild Skjold, leiar i Målungdommen.

Men også ho seier det er nokre punkt ho gjerne skulle sett var annleis.

– Slik lova er no, har ho ikkje tiltak for å oppnå føremålet sitt. Vi saknar konsekvensar for brot på lova, klagerett for organisasjonar og framleis krav til skrivekompetanse for statstilsette.

– Kva vil ei språklov seie for nynorsken?

– Om lova lever opp til føremålet sitt, lover det godt. Dessverre meiner vi at lova snublar på målstreken, og ikkje kjem med dei tydelege og offensive tiltaka som trengst for å styrke nynorsken, seier Skjold. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...