Heim Nyhende Tydde til sivil ulydnad etter manglande nynorsk i Heimevernet

Tydde til sivil ulydnad etter manglande nynorsk i Heimevernet

Etter ni år med førespurnader om korrespondanse på nynorsk, rann begeret over for heimevernsoldat Erlend Trones (40).

Då innkallinga til heimevernsøving i februar i år igjen blei send til han på bokmål, svarte Erlend Trones med sivil ulydnad – han droppa å svare. Soldatar i Heimevernet er pliktige til å svare og møte når dei blir innkalla.

Trones fortel til VG, som omtalte saka først, at han på dette tidspunktet i ein niårsperiode hadde prøvd alt frå høflege brev, klagar og involvering av Spåkrådet.

– Eg synest det er veldig rart å måtte gå så langt, for eg er vanlegvis ein som respekterer lova, så det følest veldig framand å ikkje gjere det eg får beskjed om, men det har ikkje dei gjort heller, sier han til avisa.

Mållova er klar

Privatpersonar har ifølgje mållova rett til å krevje føretrekt målform i kommunikasjonen med statsorgan, og Forsvaret fell under denne kategorien. I tillegg skal skjema vere tilgjengelege på begge målformer.

Til VG viser Trones òg til at statsorgan som vender seg til et avgrensa område, skal nytte målforma til fleirtalet. Bergenshus heimeverndistrikt, som soldaten frå Ullensvang høyrer til, dekkjer i stor grad Vestland fylke, der nynorsk er dominerande.

«Vi tek svært alvorlig på denne saka. Vi ser ingen vilje til endring hjå Forsvaret eller Forsvarsdepartementet, snarare det motsette,» skriv direktør i Språkrådet Åse Wetås i eit brev til Forsvarsdepartementet som VG har fått innsyn i.

– Her har Forsvaret brukt ti år på ei sak som dei har plikt til å løyse raskt og som dei kunne løyst raskt viss dei hadde vilje til det. Vi ser ikke vilje til å følgje lova her, seier språkdirektøren til avisa.

Språkdirektør Åse Wetås meiner Forsvarsdepartementet eller Forsvaret ikkje praktiserer den språkpolitikken som er vedteken av Stortinget. Foto: Språkrådet

Forsvaret arbeider med ei løysing

Forsvaret erkjenner at Trones har rett, og at mållova gjeld også i Forsvaret.

Oberstløytnant Per Gunnar Grosberghaugen, kommunikasjonssjef i Heimevernet, uttalar til VG at dei tekniske løysingane i Forsvaret ikkje støttar innkallingsskriv i begge målformer. Forsvarsdepartementet opplyser til avisa at dei arbeider med ei løysing, slik at mållova vert etterlevd også i forsvarssektoren.

For Erlend Trones enda det med at han i slutten av april blei ringt opp av Militærpolitiet, med beskjed om at han måtte svare.

Det gjorde han til slutt ved å sende dei ein e-post, sjølvsagt på nynorsk, om at han ville møte.


NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...