Jon Fosse som nynorsk litterært fyrtårn og nynorsk og språk i næringsliv, kulturliv og utdanning er tema når nettverket Nynorskfylket Vestland inviterer til språkkonferanse på Litteraturhuset i Bergen 25. mai.
– Vestland er det største nynorskfylket i landet. VI har difor eit særleg ansvar for å sikre at nynorsk får gode vilkår i utdanningssektoren, kulturlivet, næringsliv og offentleg forvaltning, seier Alexander Fosse Andersen, leiar for Nynorskfylket Vestland, i ei sak på nettsidene til Vestland fylkeskommune.
Nettverket jobbar for auka bruk av nynorsk og for å fremje nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke. 20 frivillige, ideelle, offentlege og private aktørar med regional funksjon i Vestland er med.
– Gjennom språkkonferansen vil vi framheve Jon Fosse, både som leiande nynorskforfattar og formidlar av vestlandsk identitet. Dette gjer vi med innleiingar av journalist og forfattar Jan H. Landro og gjennom kulturelle bidrag frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret, fortel Fosse Andersen og held fram:
– I tillegg vil språkkonferansen ta opp kva utfordringar og moglegheiter nynorsken står overfor i opplæringssektoren og næringslivet, gjennom innleiingar og diskusjonar. (©NPK)