Heim Nyhende Peder Lofnes Hauge om Dagbladet på Nynorskdagen: «Kvisa på pressemangfaldets rumpe»

Peder Lofnes Hauge om Dagbladet på Nynorskdagen: «Kvisa på pressemangfaldets rumpe»

Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag seier haldninga til nynorsk er betre i Noreg i dag enn for 10 år sidan. Han har også håp om at «kvisa på pressemangfaldet rumpe», som han kallar Dagbladet, skal oppheve nynorskforbodet på Nynorskdagen.

I høve Nynorskdagen 12. mai har Noregs Mållag sendt oppmoding til offentlege etatar og norske aviser om å bruke nynorsk så mykje som mogleg på dagen.

Leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag seier nynorskbruken i media har betra seg i nyare tid. Blant anna har VG bana vegen for andre riksdekkjande aviser då dei opna opp for meir nynorsk i det redaksjonelle innhaldet i 2017. Andre aviser som tidlegare berre hadde redaksjonelt innhald på bokmål følgde straks etter, til dømes Aftenposten.

Skulle Lofnes Hauge sjølv få velje ut éi avis som torsdag 12. mai hadde heile framsida si på nynorsk, hadde valet blitt Dagbladet.

– Dagbladet er ei siste kvise på pressemangfaldets rumpe. Dei fleste aviser har nynorsk, om ikkje fullt, så i det minste er det opna for å bruke nynorsk. VG bana vegen for nokre år sidan, så kom Aftenposten etter. Dagbladet er dagsavisa med heile Noreg som nedslagsfelt som framleis har nynorskforbod. Det høyrer ikkje heime i 2022 og er pinleg for avisa, seier Peder Lofnes Hauge.

Alexandra Beverfjord, ansvarleg redaktør i Dagbladets, forsvarar Dagbladet si avgjersle om å ikkje ha nynorsk i redaksjonelt stoff med at dei ønskjer å vere føreseielege for lesarane ved å ha ei fast språkdrakt. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

– Målform er redaktøravgjersle

Ansvarleg redaktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet svarar at det er misforstått å tru at Dagbladet er mot nynorsk. Ho skriv at Dagbladet er for nynorsk og at både hovudmål og sidemål har ein naturleg plass i undervisning/opplæring og i offentlegheita generelt.

– Alle norske innbyggjarar må vere i stand til å forstå og uttrykkje seg på begge mål, men ein utgivar av ein publikasjon må sjølvsagt ha rett til å velje, skriv Beverfjord.

– Dagbladet har røter tilbake til 1869 og er stolt over å forvalte våre tradisjonar, også dei språklege. Dagbladet er eit riksdekkjande mediehus som skal nå alle som snakkar norsk og har valt å vere føreseielege i den forstand at vi har ei fast språkdrakt.

Beverfjord legg vekt på at val av målform er ei redaktøravgjersle.

– At ulike publikasjonar kan få velje ulik språkdrakt, er eit bevis på medium si sjølvstende og på mediemangfaldet i Noreg, ikkje omvendt.

Historisk bakgrunn

Grunnen for at 12. mai er Nynorskdagen, er at 2022 er «Frivilligheitas år» og frivillige organisasjonar får peike ut kvar sin dag for å markere seg sjølve. Leiar Hauge fortel at datoen 12. mai er vald av historisk bakgrunn.

– 12. mai var datoen då jamstillingsvedtaket blei gjort i Stortinget i 1885, og gjorde at det blei likestilling mellom nynorsk og bokmål. Vi valde difor å ha Nynorskdagen på denne datoen for symbolikken og å bruke det som inngang til å markere eit viktig bodskap, for i dag er ikkje nynorsk og bokmål likestilt i realiteten, seier Lofnes Hauge.

Formålet med dagen er å auke medviten til å bruke, fremje og ta vare på nynorsk.

– Vi håpar folk vil bruke nynorsk på dagen slik dei kan sjå kor enkelt det er og kor fint det er om ein ser nynorsk oftare.

Todelt situasjon

Peder Lofnes Hauge seier haldninga til nynorsk har betra seg på berre ti år. Likevel er situasjonen for nynorsk i Noreg todelt i 2022.

I 2021 hadde Noregs Mållag sitt største medlemstal sidan 1985 med 15.431 medlemar.

– Vi har stor vekst og vinden i ryggen. Styresmaktene vedtok i fjor ei språklov som seier at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk. Det er eit teikn i tida på at språkmangfald er viktig og at nynorsk er ein umisseleg del av det norske samfunnet.

Samstundes har elevar nynorsk som hovudmål større vanskar i å få lærebøker til undervisninga.

– Nynorskelevar får ikkje eit like godt læretilbod som bokmålselevar og mange nynorskelevar byter til bokmål, særleg i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...