Heim Nyhende Sparebanken Sogn og Fjordane: – Nynorsk er kjernen i merkevara vår

Sparebanken Sogn og Fjordane: – Nynorsk er kjernen i merkevara vår

Sparebanken Sogn og Fjordane har kundar over heile landet og brukar nynorsk som både forretningsspråk og i alt merkevarearbeid. Og med stor suksess.

– Bankar har same produkt og same tenester. Nettopp derfor skal vi bruke nynorsk. Det er måten vi skil oss ut på, ved å spele på det menneskelege og ved å bruke nynorsk. Nynorsk er kjernen i merkevara vår, og det funkar som ei kule, sa Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sog og Fjordane, på ein språkkonferanse i regi av Vestland fylkeskommune i Bergen sist veke.

Viser veg

Ho fortalde at banken nyttar nynorsk i all annonsering i alle kanalar, og at tilbakemeldingane er at dei får like god rekkevidde og klikkprosent som andre det er naturleg å samanlikne seg med.

– Nynorsken er kulturarven og daglegspråket vårt. Det handlar om sjølvbilete og om kven vi ynskjer å vere. Om ikkje ein bank av vår storleik skal gå føre, kven skal gjere det då? spurde marknadssjefen.

Sjå innlegget hennar her:

Nynorsk på planen

Språkpolitikk og nynorsk er også tema når Vestland fylkeskommune no lagar ein regional plan for kultur, idrett og friluftsliv. Avdelingsdirektør Per Morten Ekerhovd orienterte om arbeidet med planen, og om rolla til nynorsken.

– Planen skal ta særleg ansvar for nynorsken i kjerneområdet for nynorsk. Å sikre nynorsk som språk i offentlegheita krev eit bevisst forhold til språk og satsing på språk i ulike sektorar i samfunnet. Nynorsk språk er ein demokratisk rett og viktig for at alle skal få delta i samfunnet. Vi skal stimulere nynorsken i fylket og styrkje markante nynorskarenaer, sa Ekerhovd ifølgje nettsidene til Vestland fylkeskommune. (©NPK)

Sjå innlegget hans her:

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...