Heim Nyhende – Dei nynorske lærebøkene må vere klare til skulestart!

– Dei nynorske lærebøkene må vere klare til skulestart!

Til hausten vert siste ledd i Kunnskapsløftet 2020 innført. Då er det elevane på vg3 i den vidaregåande skulen som skal ta til med nye læreplanar.

Med nye læreplanar kjem også nye lærebøker. Dei to siste åra har dei andre klassestega fått nye læreplanar, men likevel har mange lærebøker på nynorsk ikkje vore klare til skulestart.

– Nynorskelevane fortener betre enn det. At lærebøkene på nynorsk kjem seinare enn bokmålsbøkene, og ofte langt ut i skuleåret, er noko nynorskelevar har måtta ta støyten for i år etter år. Det er for dårleg, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding. 

Opplæringslova seier at alle elevar har rett til både trykte og digitale læremiddel på eige språk. Det må også gjelde nynorskelevane. Det seier seg sjølv at opplæringa vert av ringare kvalitet når ein ikkje får læremiddel på språket sitt.

– Me forventar at nynorskelevane får lærebøkene sine på språket sitt ved skulestart. Det er framleis tid til å ordne nynorskutgåvene til august. Det må forlaga fikse, slår Peder Lofnes Hauge fast. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...