Heim Nyhende Får stipend for å lage nynorsk nettsidemal

Får stipend for å lage nynorsk nettsidemal

Monika Haanes Waagan frå Herøy får nynorskstipend frå Noregs Mållag for å lage ein nettsidemal og eit tilhøyrande minikurs for bedrifter som vil byggje nettsida si sjølv.

Stipendet er på 50.000 kroner og skal gå til område der nynorsken ikkje står sterkt i dag. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer mottakar, og pengane er løyvde frå Kulturdepartementet.

– Vi ønskjer oss meir nynorsk i det private næringslivet og at det skal vere lettare å velje nynorsk. Vi har tru på at nettside-pakkeløysinga til Monika Haanes Waagan kan gje oss fleire nynorske bedrifter på internett, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Monika Haanes Waagan vart heidra på tilskipinga Det nynorske forspelet i Fosnavågen onsdag kveld.

– Det å bruke nynorsk er heilt sjølvsagt for meg, men som bedrift å finne leverandørar som tilbyr, særleg digitale tenester, på nynorsk, er ikkje alltid like lett. Dette kan gjelde alt frå nettsider til rekneskapstenester eller skriveverktøy, seier Monika Waage Haanes. Ho arbeider profesjonelt med informasjonsløysingar gjennom si eiga verksemd www.akka-as.no.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...