– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Tobias Christiansen Eikeland, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.
12. mai i 1885 vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål. Vedtaket har sidan blitt kalla «jamstillingsvedtaket». Målungdomen og Mållaget har sendt ut utfordringar om å skrive nynorsk til både frivillige organisasjonar, privat næringsliv, ulike delar av kulturlivet og til departement, direktorat og fleire statlege verksemder.
– Vi vonar flest mogleg tek utfordringa, og at vi får sjå nynorsk frå alle kantar. Slik vil vi vise kor enkelt fleire kan få møte meir nynorsk i kvardagen, seier Peder Lofnes Hauge.