Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året.
To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei er stolte over å bruka nynorsk. 11 prosent svarar at dei er litt einige i dette. Berre 4 prosent er litt eller heilt ueinige.
Det viser ei spørjeundersøking utført av Norstat på oppdrag for Nynorskhuset i Førde og fleire nynorske organisasjonar.
Nynorskhuset opnar 28. september i Førde, og dagen etter blir språkkonferansen «Nynorsk i rampelyset» arrangert i dei nye lokala. Her blir det sett søkelys på korleis det er å vere nynorskbrukar i 2023.
Kjenner seg aksepterte
56 prosent av nynorskbrukarane svarar at dei føler at det er akseptert for dei å skriva nynorsk i lokalsamfunnet sitt. Minst akseptert synest det å vera i Nord-Noreg og Oslo. Færre unge enn eldre kjenner at det er akseptert å skriva nynorsk, og éin av fire unge nynorskbrukarar mellom 15 og 29 år har opplevd å få negative tilbakemeldingar for å skriva nynorsk det siste året.
– Det er kjekt å sjå at dei fleste nynorskbrukarane kjenner seg aksepterte for språket sitt, men det er samstundes ingen tvil om at me framleis har ein veg å gå. Det er ikkje bra at så mange unge har fått negative tilbakemeldingar på nynorsken sin – det handlar til sjuande og sist om identiteten til unge menneske, seier Rune Fossum Lillesvangstu, leiar ved NRK Nynorsk mediesenter.
– Alvorleg
Flest negative tilbakemeldingar har dei 31 nynorskskrivande studentane som svara på undersøkinga fått. Meir enn éin av tre av desse har fått negative tilbakemeldingar det siste året fordi dei skriv nynorsk.
– Det er alvorleg at så pass mange opplever å få negative tilbakemeldingar på det norske skriftspråket sitt. Tala for dei unge er små, og derfor usikre, men viss det verkeleg er slik at ein så stor del nynorskskrivande unge og studentar opplever å få negative tilbakemeldingar på å skriva nynorsk, så er det eit svært alvorleg, seier Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
I tala for nynorskbrukarane må ein ta høgde for feilmarginar på grunn av få svar.
Flest unge skriv dialekt
Til saman har over 5200 personar svara på den nettbaserte undersøkinga til Norstat. 19 prosent svarar at dei oftast skriv dialekt i private meldingar og sosiale medium, og fire prosent svarar at dei skriv nynorsk. 73 prosent svarar at dei skriv oftast bokmål, og to prosent svarar engelsk.
Dialektbruken er størst blant dei unge under 30 år. Éin av tre unge under 30 år skriv dialekt i private samanhengar. Fire prosent av dei unge under 30 år skriv oftast engelsk i private meldingar og sosiale medium.
Språkskiftarane
Fleire av dei som hadde nynorsk på barneskulen skiftar til bokmål i løpet av livet. Av dei som hadde nynorsk på barneskulen, men no oftast bruker bokmål i private meldingar og sosiale medium, er det nesten ni av ti som òg bruker bokmål på jobb. Under 40 prosent av desse føler at det er heilt akseptert å bruka nynorsk på jobb, og akkurat 40 prosent kjenner det er akseptert i lokalsamfunnet. 55 prosent av desse står fritt til å velja kva skriftspråk dei vil bruka i jobbsamanheng.
– Denne veka opnar me Nynorskhuset i Førde. Her finn me ei av dei største nynorskklyngene i landet innanfor media, kultur og formidling. Me håpar at det kan bli eit kraftsentrum som òg kan vera med på å gjera nynorsken meir akseptert, seier han.
Undersøkinga er betalt av Nynorsk kultursentrum, Noregs Mållag og Nynorskhuset (med støtte Vestland fylkeskommune) og gjennomført av Norstat i samarbeid med NRK Analyse, NRK Nynorsk Mediesenter og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).