Heim Nyhende Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur.

– Sogn og Fjordane er på mange måtar det nynorske grunnfjellet. Folk her har eit sterkt språkengasjement, og kultur-og medieinstitusjonane har i stor grad bidrege til å skape det engasjementet. Slik sett var det heilt naturleg at Nynorskhuset skulle ligge i Førde, seier Margunn Grytten Selvik, som er leiar av styringsgruppa i Nynorskhuset og direktør for Teater Vestland AS.

I 2015 kåra Kulturdepartementet Førde til årets nynorskkommune for arbeidet med å styrke den språklege kvaliteten og identiteten i Førde. Margunn Grytten Selvik, som er leiar av styringsgruppa i Nynorskhuset og direktør for Teater Vestland, meiner kultur-og medieinstitusjonane i distriktet har bidrege til det. Foto: Heidi Hattestein

Felles grunnmur

Nær 5500 kvadratmeter fordelt på fem etasjar midt i Førde sentrum er det blitt, og dei er der alle saman; Teater Vestland, NRK Vestland med Nynorsk mediesenter og avisa Firda med Nynorsk avissenter. Om mediebedriftene og kulturinstitusjonen har ulike oppdrag, står dei alle på ein solid grunnmur forma av det nynorske språket. Og det var altså dette som var kongstanken då Arve Sandal fekk ideen til storstova for over seks år sidan; at leigetakarane i huset gjennom eit fysisk fellesskap skulle inspirere og styrkje kvarandre og samla vere ei viktig motvekt til den pågåande forvitringa av nynorsken.

No er alle verksemdene med til saman 105 tilsette vel i hus. Den komande helga brakar det laus med eit tettpakka opningsprogram der alle leigetakarane på ulike vis har vore involvert på arrangementssida: Urpremiere på teaterstykket «Tollak til Ingeborg» av Tore Renberg, Linda Eides språksjåv, ein stor språkkonferanse, familiefest og konsert med Synne Vo.

Redaksjonssjef NRK Vestland, Terje Gilleshammer, peiker særleg på samlokaliseringa av Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter som ein av dei viktige bonusane det nye huset gir. Foto: Bodil Moldskred/ NRK

Styrkt rekruttering

Redaksjonssjef i NRK Vest, Terje Gilleshammer, seier til NPK at den 31 mann store staben er svært glade for endeleg å vere på plass i nye og framtidsretta lokale. Sjølv om vegen fram til realisering av bygget har teke tid, har den også heile tida vore prega av velvilje og entusiasme, fortel han. Gilleshammer peiker særleg på samlokaliseringa av Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter som ein av dei svært viktige bonusane det nye huset gir:

– Samla har begge mediesentra kvart år lært opp 20 nye nynorskjournalistar, men på ulike plassar. No kan me ha felles undervisning og felles førelesarar, og ikkje minst tilby elevane eit mykje større sosialt felleskap. Det vil gje oss ein unik posisjon i høve til rekruttering framover.

Skuleelevar skifter ofte målform fordi nesten alt dei les er på bokmål. Meir nynorsk i media, større merksemd om den nynorske litteraturen og eit styrka nynorskteater skal vere ei motvekt til utviklinga. Alt dette finn ein på Nynorskhuset. Foto: Heidi Hattestein

I mål med maratonet

Margunn Grytten Selvik fortel at dei tre aktørane på huset er samla gjennom ei felles styringsgruppe, som skal sjå til at Nynorskhuset fyller føremåla:

– Hovudoppgåva til huset er å styrke dei miljøa som allereie er her, mellom anna ved indremedisinske aktivitetar som fagleg samarbeid på tvers og felles sosiale tiltak. Men Nynorskhuset skal også vere eit hus for alle, og der me til dømes går saman om å tilby publikum kurs og konferansar. Opningshelga er eit godt døme på det, seier ho.

Teater Vestland opnar Nynorskhuset med framsyninga Tollak til Ingeborg av Tore Renberg, i samarbeid med Riksteatret. Her blir noko av den store produksjonen lasta inn. Foto: Heidi Hattestein

Første etasje er sjølve hjartet i bygget. I tillegg til den store teatersalen, husar den foajeen med restauranten Røyst, som er open fem dagar i veka. Det store arealet også eit amfi til mindre framsyningar og samtaler og ei sone med bøker.

– Det finst nynorskhus i Oslo og nynorskscene i Bergen, og klynger er heller ikkje uvanleg. Me veit likevel ikkje om andre stader som har den same kombinasjonen som oss, eller med så mange tilsette. Det er uansett unikt for oss. Med det sagt, burde det ha vore nynorskhus i alle byar, seier Grytten Selvik, som gleder seg til å sparke i gang opningshelga.

Ho samanliknar den siste tida som å ha vore på på oppløpssida på eit langt maraton – og der målstreken endeleg er i sikte:

– Den siste tida har det vore eit tett samarbeid mellom alle tre verksemdene, og det er så kjekt å sjå at det alt no er blitt skapt mange sterke relasjonar på tvers av verksemdene. No er vi veldig klare til opningshelg – her er skikkeleg festivalstemning allereie! (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Den formelle likestillinga mellom bokmål...