Heim Nyhende Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten.

Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet kring tre veker kvar haust for å samle og spreia kunnskap om nynorsk. LNK var med for første gong i fjor, og no i år er òg Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret med som samarbeidspartnar.

Frå Nordhordland til Agder

Årets stafett går mellom 28. oktober til 15. november i Nordhordland, Sunnhordland, Indre Agder og på Haugalandet.

Nynorskstafetten går til randsoneområder der nynorsk er under press. Gjennom stafetten snakkar Noregs Mållag, Norsk Målungdom og andre nynorskorganisasjonar med alt frå ordførarar, bedrifter, rektorar, lærarar til elevar for å høyra kva som skal til for å gjera det lettare å bruka nynorsk i deira område. Målet er å lytta, læra, spreia kunnskap og gje ny kveik i arbeidet for nynorsk.

Nynorskkommunane – LNK skal mellom anna delta på møte med kommuneleiinga og rektorar i fleire medlemskommunar – og skal òg bidra på inspirasjonssamlingar for lærarar og andre samlingar.

Dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i Noregs Mållag Gro Morken Endresen og Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk
kultursentrum. Foto: Erik Grov, Noregs Mållag

Nynorsk litteratur til skular i randsonene

I 2024 er Nynorsk kultursentrum med på Nynorskstafetten, og tek sine etappar med eit mangfaldig kulturprogram.

– Me har lagt vekt på å syne fram litteratur og kultur på nynorsk, særleg i skulane. Det er særleg viktig at elevar i områda der nynorsk er under press får oppleve aktuell og sterk nynorsk litteratur, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Det har òg vore viktig for oss å samarbeide med og stø lokale aktørar, slik som Nynorskdagane i Alver, Blest litteraturfestival i Tysvær og barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord, legg Opsvik til.

Inger Johanne Sæterbakk (Foto: Nynorsk kultursentrum)
Inger Johanne Sæterbakk. Foto: Nynorsk kultursentrum

I veke 43 i stafetten skal forfattar Inger Johanne Sæterbakk vitje ungdomsskular i Alver, før nynorske barneskular i Bergen og Øygarden i Nordhordland får forfattarbesøk av Erling Braut Haaland-biograf Ørjan Zazzera Johansen.

I veke 44 sender Nynorsk kultursentrum, Blest og Falturiltu ut teikneserieskaparane Ida Neverdahl og Øystein Runde til nynorskskular i Tysvær, Sveio, Karmøy og Vindafjord.

I veke 45 reiser Zazzera Johansen til barneskular i Sirdal, Kvinesdal, Lyngdal, Åseral, Hægebostad og Evje og Hornnes. Skulane som får besøk får òg ei bokgåve med bøker av forfattarane.

– I Indre Agder er det fleire nynorskskular i same situasjon, ved å vera mindre skular i bokmålsdominerte områder. Difor er det veldig bra at Noregs Mållag, dei lokale mållaga og Nynorsksenteret skipar til inspirasjonsseminar for lærarar på desse skulane. Nynorsk kultursentrum bidreg med eit forfattarbesøk med Heidi Marie Vestrheim, som skal fortelja om den prisvinnande boka Jenny Fender, fortel prosjektleiar og konservator Fredrik Hope.

Linda Eide held føredrag for Nynorsk bedriftsforum og Nynorskstafetten i Knarvik og Ølen. Foto: Pressefoto

Nynorsk i næringslivet og forfattarkveldar

I Haugesund og på Stord blir det forfattarkveldar med Bjørn Sortland, som lanserer ny bok denne hausten. Arrangementa er i samarbeid med Falturiltu og Haugesund Mållag og Ungdomslag.

– I Knarvik og i Ølen samarbeider vi med Nynorsk bedriftsforum og lokale aktørar for å fremje nynorsk og godt språk i næringslivet. Linda Eide held føredraget Klinkande uklart om kor viktig det er med tydeleg språk, og Nynorsk bedriftsforum informerer lokale bedrifter om jobben dei gjer for å gjera det like lett å vera nynorskbedrift som bokmålsbedrift, avsluttar Fredrik Hope.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...