Heim Nyhende Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar igjen.


– At fleire av programpostane nærmar seg utselde, viser at Litteraturdagane verkeleg har funne si form. Eg gler meg til å sjå publikum møte alt frå nye stemmer i norsk litteratur til dei godt etablerte, seier Yngve Knausgård, som er festivalsjef og museumsleiar ved Vinjesenteret i ei pressemelding.

Festivalen opnar torsdag kveld med Mímir Kristjánsson i samtale om boka Pabbi. Seinare same kveld møter publikum globetrotter Gunnar Garfors, som deler erfaringane sine frå reiser langs ekvator og polarsirklane. Fredagen byr på nye litterære stemmer, aktuelle samfunnssamtalar og ein pulserande konsert med Symre.

Laurdag får publikum møte vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris Anna With, og Karl Ove Knausgård skal halde det tradisjonsrike Vesaas-føredraget. Under festkvelden på Edland får Eldrid Lunden tildelt Storegutprisen, og Ine og Edvard Hoem vil saman med pianisten Andreas Ulvo gi publikum ei sterk konsertoppleving.

– Det er noko heilt spesielt når vi får huset fullt av folk som kjem for litteraturen. Vi har sett saman eit program som vi håpar både rører og inspirerer, seier Ea Kristine Bakken, som er vertskapsansvarleg ved Vinjesenteret.

– Vi ønskjer at Litteraturdagane skal vere både tankevekkande og nære, med rom for dei store spørsmåla – men òg for latter, musikk og fellesskap, avsluttar Knausgård.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...