Heim Nyhende Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune.

– For å auka kompetansen om klarspråk hjå tilsette, har me mellom anna gjennomført kurset «På sakslista» for sakshandsamarar og andre som skriv mykje i jobben sin. Andre runde blei gjennomført i januar 2026, fortel Kari Omdal Tveito, som jobbar i avdeling for innovasjon og organisasjon i Vinje kommune.

Kari Omdal Tveito fortel om gode effektar av språkarbeidet i Vinje kommune. Foto: Vinje kommune

Kurs for leiarar

Kommunen ynskte også å ha eit komprimert kurs for leiarar, som har eit særskilt ansvar for kommunikasjon. På dette kurset var dei viktigaste klarspråkprinsippa sentrale, men som ein sterk nynorskkommune var det også naturleg å bruka noko tid på å snakka om nynorsk – styrkar, utfordringar og aktuelle problemstillingar.

Dagen etter kurset for leiarane, hadde kommunen ein praktisk arbeidsdag for nokre utvalde avdelingar i kommunen.

Praktisk arbeidsdag for å forbetra malar

Målet for denne dagen var å starta opp arbeidet med å forbetre malar og standardtekstar me brukar i kommunen.

– Det var svært nyttig for oss å arrangera denne dagen i samarbeid med LNK og Jostein Fretland, som har halde kursa i klarspråk for oss tidlegare. Jostein losa oss gjennom arbeidsdagen med solid kunnskap og nyttige tips i det praktiske arbeidet, seier Kari Omdal Tveito.

Dagen starta med ein felles gjennomgang av prinsippa for malarbeidet, før deltakarane jobba i grupper med å forbetra nokre av malane dei brukar.

Jostein Avdem Fretland har hatt fleire kurs for Vinje kommune det siste året. Foto: Kari Omdal Tveito

– Me samla tilsette frå ulike avdelingar denne arbeidsdagen, der dei aller fleste hadde deltatt på eit av kursa Jostein hadde halde tidlegare. Avdelingane som var med på fyrste arbeidsdag var byggesak, planavdelinga, teknisk drift, og PPT. I tillegg deltok arkivleiar og kommunikasjonsmedarbeidarar, fortel Kari Omdal Tveito.

Systematisk klarspråkarbeid

Vinje kommune vil jobba systematisk med å forbetra malane dei brukar i kommunen framover, og vil gjennomføra arbeidsøkter med ulike avdelingar.

– Me har som mål at all informasjon frå Vinje kommune skal bli formidla i eit klart, korrekt og brukartilpassa språk. Me veit at det tek tid å endra skrivevanar, og vil difor arbeida systematisk over fleire år for å få til denne endringa.

Malarbeid planavdleinga og kursansvarleg for LNK, Jostein Avdem Fretland. Foto: Kari Omdal Tveito

Vinje kommune starta det systematiske arbeidet med klarspråk våren 2025.

– Det er gledeleg å sjå at tilsette som har vore på kurs allereie kommuniserer på ein meir klar og brukartilpassa måte. Eg opplever også at fleire har ei betre forståing av kva klarspråk er. I min jobb får eg ofte tekstar til språkvask, og stadig oftare er bestillinga om eg kan sjå gjennom teksten med klarspråkaugo – det er eit godt teikn, slår Kari Omdal Tveito fast.

I 2026 skal Vinje kommune halda fram med å gjera klarspråk meir kjent for alle tilsette, og auka kompetanse gjennom kurs og andre tiltak.

– Førebels har me gjennomført ein ny runde med kurset «På sakslista» i starten av januar. Me vil også jobba jamt og trutt med å forbetra malar og tekstar me brukar i kommunen, og har til no avtalt arbeidsøkter med avdelingar i helse og omsorg for å jobba med malane dei brukar, avsluttar Kari Omdal Tveito.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...