Heim Nyhende Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk.

Kommunikasjonssjef i Øygarden kommune, Vigleik Brekke, opplyser at Ordsmed-Ivar følgjer språkbruksplanen og språkplakaten til Øygarden kommune. Ved å nytta denne agenten, vert teksten omsett til nynorsk og kan gjera skrivestilen og klarspråket betre.

Må framleis kvalitetssjekka

Det er også mogleg å nytta dette verktøyet til å ta korrektur på nynorsktekst.

– Vi har testa agenten og må seia at resultatet er rimeleg godt. Dei aller fleste «fellene» vi har lagt inn i testtekstar er fanga opp slik at teksten vert korrekt. Men eitt og anna må vi retta opp når vi går gjennom teksten i etterkant. Uansett må vi ved bruk av KI, kvalitetssjekka teksten. Brukar vi verktøyet rett, kan vi læra av dette, seier han.

Basert på språkbruksplanen

Mange nyttar Copilot og andre KI-verktøy til å omsetja tekst frå bokmål til nynorsk.

– Det som er gjer Ordsmed-Ivar eksklusiv for oss er at vi har lagt inn instruksar som er basert på språkbruksplanen og språkbruksplakaten til Øygarden kommune. Dermed vil bruken av dette verktøyet fanga opp typiske ord, formuleringar og namn vi brukar i kommunen vår, seier Brekke.

Døme på instruksar som er lagt inn i agenten er:

  • a-infinitiv
  • skrivemåtar for alle råd og utval i kommunen
  • namn på institusjonar og føretak
  • lokale stadnamn
  • valfrie ord («nødvendig» i staden for «naudsynt», «behandla» i staden for «handsama», «skule» i staden for «skole», osb.)
  • bruk av titlar
  • garpegenitiv («arealdelen til kommuneplanen» i staden for «kommuneplanen sin arealdel»
    aktiv setningsbygning
  • manglande bruk av hjelpeverb (styrer unna uttrykk som «Dokumentet sendast til kommunen innan 1. februar»)

Dei tilsette er oppmoda om å senda inn forslag til nye instruksar som kan leggjast inn i agenten.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...