Heim Nyhende Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025.

Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå opplæringslova om å følgja norsk rettskriving. Skulane som bruker desse programma, bryt   dermed lova.

Desse programma er testa: Microsoft Word, Google Docs, Apple Pages, IntoWords, Korrektoren, Writer frå LibreOffice og Skoleskrift.

Det kan vera vanskeleg for enkeltskular og -kommunar å stilla strenge krav til leverandørane.

– Skular, skuleeigarar og kommunar bør likevel halda fram med å krevja at skriveprogram skal fungera godt på bokmål og nynorsk, slik opplæringslova seier. Den beste måten å få lagt press på leverandørane er samordning på bestillarsida, seier Nina Teigland, konstituert direktør i Språkrådet.

Inga betring sidan i fjor

Også i 2025 gjennomførte Språkrådet ein test av dei mest brukte skriveprogramma i skulen, med fokus på korleis stavekontrollane fungerte, og om dei støtta barns rette innlæring av rettskriving på bokmål og nynorsk.

Verken Microsoft Word, Google Docs eller Apple Pages, som til saman har over 90 prosent av marknaden i norsk skule, fungerte i samsvar med norsk rettskriving.

I 2026 inkluderer undersøkinga også andre program. Heller ikkje desse er i nærleiken av å oppfylla lovkravet. Alle programma i testen har problem med å finna feila i teksten og med å gi gode rettingsforslag.

Kan ramma læringa til barna

Skriveprogrammene blir brukt av svært mange i både skule, utdanning og arbeidsliv, og stavekontrollane er ei sentral kjelde til kunnskap om rettskriving. Mykje feil i skriveprogramma gjer at elevar kan få eit usikkert forhold til rettskriving.

– Me fryktar at det går utover skriveutviklinga til barna, seier Teigland.

Språkrådet vil halda fram med å dokumentera kvaliteten på programma. Dokumentasjonen skal hjelpa skulane både med å velja leverandør og med å stilla krav til leverandørane.
Språkrådet har også tett dialog med tilbydarane og hjelper til med råd.

– Me oppmodar leverandørane til å halda fram arbeidet for at stavekontrollane skal fungera i samsvar med både norsk lov og norsk rettskriving, seier Nina Teigland.

Korrekt språkinformasjon finn du på ordbokene.no, i Norsk referansegrammatikk og på Språkrådets nettsider. Her finn du heile rapporten om test av skriveprogram 2026.

LES OGSÅ: Krev demokratisk kontroll over språket

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...