Heim Nyhende Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting.

Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i nynorskkommunar. I nynorskområda finn me òg over 45 prosent av bygdekinoane. Likevel har det ikkje kome ein einaste kinofilm med nynorsk underteksting etter 2020. På strøymetenestene er òg nynorsk usynleg. Dette meiner Vestland fylkesting ikkje er akseptabelt.

Skal nynorsk vere eit likeverdig skriftspråk med bokmål, må folk få høve til å møte nynorsk på kinoar og når dei loggar seg på strøymetenester som til dømes Netflix. Eitt tiltak kan vere at staten stiller språkkrav når det vert gjeve støtte til norske filmar. Vestland fylkesting meiner vidare at filmar som ligg an til å bli dei største kassasuksessane må ha teksting på både nynorsk og bokmål og at informasjonsmateriell ligg føre på begge skriftspråka. Det bør i tillegg vere krav om at ein viss del av tekstinga hos strøymetenestene må vere på nynorsk. Filmar som blir vist gjennom Den kulturelle skulesekken må vere teksta både på nynorsk og bokmål.

Å vere trygg nynorskbrukar handlar mellom anna om å få møte eige skriftspråk i kvardagen. For mange vil det seie å få møte nynorsk på kino og strøymetenester. Vestland fylkesting ynskjer fleire trygge nynorskbrukarar og ber difor om tiltak som aukar delen nynorskteksting på kinofilmar og strøymetenestene.

Fråsegna vart vedteke med 49 mot 9 røyster og vert sendt til:
Regjeringa v/ Kultur- og likestillingsdepartementet
Familie- og kulturkomiteen på Stortinget
Stortingsbenkane frå Vestland
Norsk filminstitutt

Fråsegna vart fremja av fylkestingsrepresentant Alexander Fosse Andersen (Sp), som også er leiar i Nynorskfylket Vestland.

LES OGSÅ: Kvifor er nynorsk usynleg på kino og Netflix?

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...