24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg temaet med både alvor og humor, håp, tru og realisme.
– «Liding» kan kanskje høyrest både tungt og vanskeleg ut, men me lovar eit program som både overraskar, rører og lyfter. Temaet opnar for nære møte, sterke kjensler og nye perspektiv, seier Yngve Knausgård, festivalsjef og museumsleiar ved Vinjesenteret i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.
Kukar og krig
Forfattaren av den absurde og satiriske romanen Kukene/Kukane, Erlend Loe, kjem til Vinje for å samtale om liding, tap og identitet. Samtalen tek utgangspunkt i boka der hovudpersonen Tander mister kjønnsorganet sitt i dusjen.
Seinare blir krigens liding tema i fleire samtalar. Marte Heian-Engdal tek oss med inn i palestinsk familieliv på Gaza og ser på Noregs rolle som fredsmeklar, medan Unni Eikeseth fortel om korleis forskarar bidreg til utviklinga av stadig meir øydeleggjande våpen.
Livsmot og mørke
Publikum kan sjå fram til andre interessante forfattarmøte med mellom andre Tormod Haugland, Gudmund Skjeldal, Kari Stai og Stein Torleif Bjella.
– Me får òg bli kjende med Anne-Lise Frøland, som fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2025, fortel festivalsjef Yngve Knausgård.
Håp er også tema i samtalen «Tru – håp og livsmot når det røyner på». Her møter me bymisjonsprest og forfattar Kari Veiteberg i ein samtale om korleis kristentrua, rituala og tradisjonane kan gje trøyst og fellesskap når me treng det.
Føredrag for påfyll og ettertanke
Litteraturdagane byr som vanleg på fleire gode føredrag. Fredag held Eivind Senneset føredraget «Eksponeringstid: 200 år», om fotografiet som har dokumentert triumfar og lidingar på ein måte som få andre medium. Laurdag held forfattar Aasne Linnestå det tradisjonsrike Vesaas-føredraget. Ho er busett i Svartskog, men er oppvaksen på Rjukan. Laurdag kveld held Grethe Fatima Syéd eit føredrag i samband med 150-årsjubileet for Olav Duun.
Erotikk og musikk på fredag
Korleis skildrar ein erotikk i litteraturen? I samtalen «Erotikk – ei liding å lese, ei liding å skrive?» vil Tormod Haugland, Odd Nordstoga og Selma Lønning Aarø, bidragsytarar til novellesamlinga Attrå: Erotiske fantasiar, forsøke å gje oss svar.
Fredag kveld blir det konsert med Tønes. Frank Tønnesen frå Sokndal er ein folkekjær songar, gitarist og låtskrivar. Tekstane hans er lune og humoristiske observasjonar, ikkje frie for alvor, med emne ein ikkje skulle tru eigna seg som songtekstar.
Familieprogram og festkveld på laurdag Laurdag inviterer me små og store til urframsyning av eit heilt nytt figurteater i regi av Adele Lærum Duus. Stykket byggjer på boka Jakob og Neikob og tidsmaskinen av Kari Stai.
Etter framsyninga les forfattar og illustratør Kari Stai høgt frå ei av dei kjende bøkene sine, før barna kan sleppe laus teiknegleda på teikneverkstaden!
Festkvelden i Edland byr på utdeling av den årlege Storegutprisen og urframføring av Ævestaden si nytolking av prosjektet til Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga frå 2000, då dei sette musikk til diktsyklusen Nivelkinn av Aslaug Vaa.
Program som spenner breitt
– Når me rundar av Litteraturdagane med festivalgudsteneste i Vinje kyrkje på sundag har me fullført eit program som spenner breitt. Frå den bitande satiren til dei aller tyngste og mest dagsaktuelle spørsmåla i tida vår. Me håpar og trur at årets festival vil gje publikum opplevingar som sit i lenge etter at helga er over, avsluttar Yngve Knausgård.











