Lektor Trond Otto i Sola i Rogaland fann ikkje mindre enn 20 språkfeil i den nynorske utgåva av matteeksamen for 10. klasse. Blant feila er «hvor» i staden for «kor», «tall» i staden for «tal», «gutter/guttar» for «gutar» og «utenfor» for «utanfor».
– Fleire av elevane mine kunne skrive oppgåva betre enn Utdanningsdirektoratet har gjort, seier Trond Otto til Stavanger Aftenblad.
Direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet seier dette er hårreisande og eit resultat av ei dårleg haldning til språket.
Utdanningsdirektoratet seier oppgåvene er språkvaska av eksterne fagpersonar.
Kjelde: Smp.no/NTB