Heim Nyhende ABC Startsiden ynskjer spleiselag

ABC Startsiden ynskjer spleiselag

ABC Startsiden etterlyser eit spleiselag mellom nynorskmiljøet og staten for å realisere den planlagde nynorske nettavisa.

– Me trur jo at det er kommersielt mogleg å drive, men i oppstarten kreves det kondisjon, staheit og dedikerte medarbeidarar. Difor er me ute og snakker med folk og ser på økonomien i dette. Det er nødt til å bli eit spleiselag mellom dei som vil nynorsken vel, seier ansvarleg redaktør Espen Udland til Kampanje.

LNK er ein av dei organisasjonane som er innvolverte i dette prosjektet. Udland har også nyleg vore i samtalar med statssekretær Wegard Harsvik i Kulurdepartementet om saka.

– Det var ein hyggeleg samtale og han drepte ikkje ideen, for å seie det slik, uttaler Udland til Kampanje.

Meininga er at ei nynorsk nettavis ikkje skal bli ein kopi av ABC Nyheter, men stå på eigne bein.

– Avisa må bygge på tre, fire bein. For det første ei skanning av andre nyhendenettstadar, utan at det blir dominerande. Så må me ha innhald fra nyhendebyrå. Der ser me føre oss både NTB og Nynorsk Pressekontor, og det viktigste er ein eigen kjerneredaksjon som set sitt preg på avisa. Skal me lukkast kan det ikkje vere ein kopi av noko som allereie er, seier Udland til Kampanje.

ABC Startsiden etablerte for to og eit halvt år sidan ei nynorskutgåve av Startsiden. Nettstaden har i dag omlag 23.000 unike brukarar i veka.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...