Heim Nyhende Strevar med å nå 25 prosent nynorsk

Strevar med å nå 25 prosent nynorsk

Programredaktør i NRK Super vedgår at kanalen har ei utfordring med å nå kravet om 25 prosent nynorsk.

Det er ingen løyndom at vi har ein lang vei å gå før vi når prosentmålet, seier programredaktør i NRK Super, Vibeke Fürst Haugen.

I det amerikanske barneprogrammet «Dora», som blir sendt på Barne-TV er språket dubba til bokmål. I tillegg skal borna læra engelske ord. Programmet legg opp til at borna skal vera aktive sjåarar og hjelpa «Dora» fram i programmet. Når det gjeld innøving av engelske ord stiller borna likt. Verre er det når nynorsk-brukande barn i førskulealder i programmet blir oppmoda til å delta og gjenta ord som «ryggsekk» og «kart» på klingande bokmål opp til fleire gonger per program for å hente desse karakterane fram.

Ifølgje programredaktøren er bokmålsdominansen i kanalen eit kjent problem. Haugen kan også bekrefta dei høge tala på innkjøpte utanlandske program til NRK Super. Ifølgje Haugen var 75 prosent av innhaldet på barnekanalen NRK Super ved oppstart innkjøpt stoff som skulle dubbast. Ho legg vekt på at ein i denne fasen hadde store vanskar med å få tak i kvalifiserte folk til å dubbe, då særskilt på nynorsk.

Vi har fått førebelse tal frå NRK som stadfestar den mistanken me har hatt lenge om at det står dårlig til i NRK Super, seier styreleiar i Kringkastingsringen Håvard B. Øvregård. Dialogen med NRK er i dag god, og det er det viktigaste no, held han fram.

Vidare understrekar Øvregård at 25 prosent ikkje er eit ynskjemål, men at det er eit absolutt krav. Dette vart understreka i Stortinget si handsaming av NRK plakaten i vår, i allmenkringkastingsrapporten, i språkmeldinga og sist vist til i statsbudsjettet, held han fram.

– Det er godt å sjå at NRK tek innover seg alvoret i stoda, seier Øvregård, og ifølgje  styreleiaren merkar Kringkastingsringen ei veldig positiv innstilling i NRK no. Det virkar som at NRK ser på dette som ei viktig satsing, avsluttar han

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...