Heim Nyhende Høgtider også på nynorsk

Høgtider også på nynorsk

Cappelen meinte plakaten ”Religiøse høytider” var reklamemateriell og lanserte den difor berre på bokmål. No har dei snudd – og plakaten kjem på nynorsk i desember.

Plakaten, som ligg ute på nettsidene til Cappelen grunnskole, gir ei omfattande oversikt over viktige religiøse høgtider og helligdagar innan jødedom, kristendom, islam, hinduisme, buddhisme og sikhisme. Plakaten er meint som ein del av faget RLE – religion, livssyn og etikk. Men plakaten har til denne tid berre eksistert på bokmål. Grunnen er at forlaget meiner plakaten er reklamemateriell.

– Plakaten er reklamemateriell og ikkje noko me tek betalt for. Den er blitt godt motteken, seier Ane Ramm i Cappelen grunnskole, som samstundes legg vekt på at plakaten skal reklamere for skulebøkene i RLE, Vi i verden og Under same himmel – bøker ho presiserer også finst på nynorsk.

– Lærarane kan velje om dei vil henge opp gratismateriell til bruk eller pynt i klasserommet eller ikkje. Me forstår at det for nynorskbrukarar ville vore hensiktsmessig om den også var å finne på nynorsk. Sidan plakaten er blitt så godt motteken vil me vurdere å oversetje den til nynorsk ved neste korsveg, skreiv Ramm i ein e-post i november.

Og no kan Ramm fortelje at forlaget er i gong med omsetjinga, og at plakaten vil liggje føre på nynorsk i løpet av dei første vekene av desember.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...