Mållaget ber barnehagar i nynorskkommunar å velja nynorske songar og barnebøker.
– Det er ikkje alltid samsvar mellom språkpolitikken i barnehage og skulen i same kommune påpeikar skulemålskrivar Ingar Arnøy i Noregs Mållag og leiar i Suldal Mållag Wenche Haugen Havrevoll til Stavanger Aftenblad.
Dei viser til at medan det før var skulespråket som la premissane for barns språkutvikling er det no mellom anna språkbruken på fritida som får stadig større påverknad. Mållaget vil difor at barna i nynorsk-kommunar skal møte nynorsk alt i barnehagen.
– Di fleire som kan nynorsk, di mindre vil skepsisen bli mot målforma, hevdar Arnøy, og viser til at eit samrøystes Storting har gjort vedtak om at alle i Norge skal ha moglegheiter til å bli tospråklege.
– Den beste måten å bli to-språkleg, er å ha nynorsken i botn, for bokmålet får me inn gratis. Dei som veks opp med nesten berre bokmål, blir i bestefall halvannan-språklege, seier Ingar Arnøy til Stavanger Aftenblad.