Snart kjem Bob Dylan albumet Blood on the Tracks ut i nynorsk språkdrakt.
RogalendingenTom Roger Aadland har omsett heile albumet og er i desse dagar i studio i Etne for å spele inn plata. Blood on the Tracks har fått namnet Blod på spora. Plata skal vere klar for utgjeving i oktober.
– Ein oppdagar tekstar på ein ny måte når ein høyrer dei på norsk. Det treff litt meir intenst i nervesystemet. Ikkje minst er nynorsk eit flott songleg språk, seier Aadland til Haugesunds avis. Aadland har turnert på Vestlandet heile sommaren med Blod på spora.