Heim Nyhende Frp for nynorskfolk flest?

Frp for nynorskfolk flest?

Framstegspartiet skal valnatta innta nynorskfolket si høgborg i hovudstaden.

Kommunikasjonssjef Fredrik Färber i Frp stadfestar overfor Nettavisen at valvaka deira 14. september skal finne stad på Det Norske Teatret – ei høgborg for kultur og nynorsk i Oslo. Det er Noregs Mållag nøgde med.

– Det er glimrande! Eg synest det er eit lurt val av Frp. Dei blir kritiserte for å vere negative til både kultur og til nynorsk, så her slår dei to fluger i ein smekk, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård til Nettavisen.

Øvregård synest ikkje dette er utspekulert:

– Nei, eg synest det er fint. Dei har hatt ein litt treg start overfor oss nynorskfolk, men eg trur vi står nærmare kvarandre om fire år, seier Øvregård optimistisk.

Språkfrieri

Leiaren i Mållaget avviser at valet av lokale er eit veljarfrieri frå Frp.

– Frp gjer ikkje noko tilfeldig, men eg ser på det som eit positivt tiltak. Frp legg veldig vekt på å vere eit folkeleg parti, og nynorsk er det mest folkelege språket, meiner han.

Valforskar Marcus Buck ved Universitet i Tromsø synest Frp har vore smarte.

– Det er litt pussig at Det Norske Teatret godtek dette, dersom dei ikkje er nøgde med kultursatsinga til Frp. Men frå Frp si side, er dette smart. Dei er jo store ute i distrikta, seier Buck til Nettavisen.

Og i Frp sitt handlingsprogram for 2009-2013, skriv partiet:

«Språket er kanskje den viktigaste delen av den felles kulturarven vår og bør bevarast som ein levande ressurs. Språkkampen er i stor grad historie, og i dag er det ei veksande semje om at enkeltmenneske skal få velje si eiga språkform.»

Det Norske Teatret har til no ikkje kommentert saka. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...