Heim Nyhende Rønnaug Kleiva festspeldiktar i 2010

Rønnaug Kleiva festspeldiktar i 2010

Forfattaren Rønnaug Kleiva frå Ørsta blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2010. Ho er den syttande forfattaren som får denne æra.

Dei nynorske festspela 2010 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå onsdag 23. juni til søndag 27. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Kleiva debuterte i 1985 og kan dermed feire 25-årsjubileum som forfattar neste år. Ho har gitt ut 22 bøker i mange sjangrar og er omsett til åtte språk, mellom anna serbisk, gresk og russisk. I september kjem ho med ein ny ungdomsroman, går det fram av ei pressemelding frå Det Norske Samlaget.

Sjangerblanding

– Eg liker å skrive i ulike sjangrar. Eg hadde ikkje orka å skrive berre same typen bøker heile tida. Dikt skulle eg gjerne ha skrive meir av, men i staden puttar eg poesien inn i prosaen, seier Rønnaug Kleiva, som gler seg stort til å vere festspeldiktar.

Kva festspeldiktaren skal gjere under Festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren.

– Publikum skal nok få både det dei ventar og noko som overraskar. Ved at så ulike forfattarar er festspeldiktarar, blir Festspela ganske ulike frå år til år, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

– Forfattarskapen til Rønnaug Kleiva spenner så vidt at vi får noko å bryne oss på når vi no skal forme festspelprogrammet, seier Widerøe, som lovar flunkande nye tekstar frå festspeldiktaren.

Prisvinnar

Kleiva har fått mange strålande kritikkar for bøkene sine. Ho skaper stilrein og konsekvent litteratur, skriv litteraturkritikaren Odd W. Surén i ein artikkel om Kleiva på det nye nettleksikonet Allkunne.

– Ho grip ikkje retusjerande inn i hendingane ho skildrar, skriv Surén, «men lèt dei utvikle seg organisk og naturleg, utan omsyn til kor mykje av personane dei avslører, og kor kompromitterande dette er for dei».

Kleiva debuterte med diktsamlinga Animasjon i 1985, og har til no gitt ut 22 bøker for born, unge og vaksne. Forfattarskapen spenner frå dikt og prosalyrikk til barnebøker og ungdomsromanar og vidare til romanar, noveller og skodespel. Nesten alle bøkene er gitt ut på Det Norske Samlaget.

Ho har fått mange prisar for bøkene sine, mellom anna både Kritikarprisen og Kultur- og kyrkjedepartements pris for «Ikkje gløym å klappe katten» som beste barne- og ungdomsbok i 1997. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...