Heim Nyhende Sommarsnakk med Ingvill Tandstad

Sommarsnakk med Ingvill Tandstad

Absurd og uforståeleg at ikkje journalistar får bruke si eiga målform, seier Ingvild Tandstad frå Østlandssendingen.Ho fekk Alf Helleviks mediemålpris i år.

Namn: Ingvill Tandstad

Alder: 33

Jobbar som: Journalist og programleiar i NRK Østlandssendingen

Bruker sommaren til: Å ha det mest muleg godt, moro og fredeleg saman med den vesle familien min! Heim til Sunnmøre, der vi besøker  far og mor i Ålesund og Sykkylven. Så ei vekes tid med fjell og vin på hytta i Rondane, og  til slutt ein liten tur til Strømstad. Elles blir det å halde Oslo og Akershus sine innbyggarar oppdaterte på nyheitsfronten, via TV og radio.

Bruker du nynorsk i blogg, Twitter, Facebook og i andre sosiale nettverk:
Ja, eg prøvar å vere konsekvent, men det hender seg, når stemninga er god og folka eg snakkar med legg opp til det,  at dialekten tek overhand.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: I riksavisene og i populærkulturen.

Bør aviser som ikkje tillet båe målformer som redaksjonsspråk få pressestøtte: Eg er i utgangspunktet ikkje for tvang, men samstundes synast eg verkeleg at det er heilt absurd at journalistar ikkje får bruke si eiga målform. Eg ser eigentleg  ikkje nokon gode argument for å nekte medarbeidarar dette. Frå min ståstad verker det veldig konservativt, ein smule fordomsfylt og ganske uforståeleg.  

Har det noko å bety for deg om bøker og aviser er på nynorsk og/eller bokmål:
Nei, min bruk av media og litteratur blir ikkje styrt av målform. Men når det er sagt, så blir eg veldig glad dei gongane eg kan nyte meg gjennom eit bra skjønnlitterært verk på nynorsk. Det er nesten det beste som finst!

Kvifor nynorsk: Fordi eg er oppvaksen med nynorsk, og det er det som ligg nærmast opp til mitt eige talemål.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...