11 kommunar har søkt Kommunal – og regionaldepartementet om å bli Årets nynorskkommune 2009. Prisen som blant anna er 100.000 kroner vert delt ut av kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) under Vågåseminaret 2009.
Ministeren viser til at prisen er ein del av regjeringa si språksatsing.
– Ja, det er den. Men denne prisen er eit initativ eg sjølv har teke. Eg meiner det er eit stort potensial for forbetring når det gjeld nynorsk i kommunane. Dette er meint å bli ein årleg pris, slår Kleppa fast.
Kommunal – og regionlaminister Magnhild Meltveit Kleppa er også sikker på at prisen kan vere motiverande for mange kommunar.
– Målet med prisen er å synleggjere døme på korleis ein kan bruke nynorsk på ein god måte. Eg er sikker på at det er gode kandidatar som har søkt.
Dei kommunane som har søkt på prisen er: Stord, Hornindal, Fjell, Valle, Sund, Lom, Vinje, Aurland, Nissedal, Norddal og Ullensvang.
I juryen sit Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal, Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser (LLA) og Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet.