Ein av fire kommunar ynskjer no å bli med på forsøk med røysterett for 16 – og 17 – åringar ved lokalvalet i 2011. Blant desse er Norddal kommune.
Norddal kommune i Møre og Romsdal er ein av totalt 127 kommunar som har søkt Kommunal- og regionaldepartementet om å få delta i forsøket med å gi 16- og 17-åringar røysterett ved lokalvalet i 2011. Ordførar Bjørn Inge Ruset (Ap) meiner det er viktig å høyre på dei unge.
– I vår kommune reiser ungdommane ut når dei byrjar på vidaregåande. Me som er politikarar får difor ikkje dei naudsynte korrektiva frå den aldersgruppa. Det treng me. Difor kan det vere nyttig å gi 16-åringane røysterett, slår han fast.
Skape interesse
Han meiner ungdommane viser engasjement og kjem med relevante og gode saker som politikarane må høyre på.
– Dei er altså ikkje for unge til å røyste når dei er 16 år?
– Eg trur det er like mykje godt og dårleg med alle veljarar, både dei på 16, 30 og 80 år, meiner Ruset.
Røysterett for 16- og 17-åringar ville ikkje berre auke engasjementet og valdeltakinga blant dei unge, trur han. Det ville også i følgje Ruset skape ei interesse for heimkommunen som igjen kanskje kan føre til at fleire flytter attende til Norddal.
– Men aller mest treng me å høyre om kva saker ungdommane meiner er viktige. Eg tok denne saka opp med ungdomsrådet, og dei ville også ha røysterett for 16-åringar, seier Bjørn Inge Ruset.
Vil ha variasjon
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa er godt nøgd med talet på kommunar som har søkt.
– Det er overveldande. Eg er veldig glad for at så mange kommunar er opptekne av at ungdom skal få engasjere seg i politikk, seier ho i ei pressemelding.
I løpet av hausten vil departementet bestemme kva for nokre kommunar som får vere med i forsøket. Då vil det til dømes bli lagt vekt på geografisk spreiing, å få med både små og store kommunar, samt variasjon i den politiske samansetninga. Det vil også bli lagt vekt på om kommunen har ein medviten politikk for å få ungdom engasjert i politisk arbeid eller i kommunale prosessar.