LNK ser fram til arbeidet som regjeringa står framføre med å følgje opp enkeltvedtaka i språkmeldinga Mål og meining.
Slik kommenterer LNK resultatet av stortingsvalet og stadfestinga av at det blir ei ny raudgrøn regjering.
– Den raudgrøne regjeringa som sit no har vist, gjennom ord og handling, at dei har satsa på språk og på kultur generelt. Vi har hatt eit godt samarbeid med den sitjande regjeringa og håper det vil halde fram i perioden som kjem no, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.