Heim Nyhende – Kommunesamanslåing kan bli naturleg konsekvens

– Kommunesamanslåing kan bli naturleg konsekvens

Rådgjevar i Kommunenes Sentralforbund (KS), Astrid Toft, trur ikkje samhandlingsreforma vil endre vesentleg på utfordringane kommunane har i dag med å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

– Å få høgkompetent arbeidskraft er ei vedvarande utfordring for mange kommunar. Kommunane får ikkje noko gratis med samhandlingsreforma, dei må stå på, seier ho.

Ho trur ikkje at vi vil sjå effekten av rekrutteringsarbeidet som kommunane no må i gang med for å skaffe meir helsepersonell, før om minst ti år.

Offensive kommunar

At samhandling over kommunegrensene blir naudsynt med helsereforma, er ikkje Toft i tvil om.

– Om ein liten kommune til dømes skal kunne handtere ein pasient med heimerespirator, ein alvorleg traffikkskadd person eller andre kompliserte tilfelle, blir samarbeid avgjerande, held ho fram.

Toft ser ikkje vekk får at samanslåing på lang sikt kan bli ein naturleg konsekvens av utstrakt samarbeid mellom mindre kommunar. Men ho meiner dette ikkje er noko kommunane treng å fokusere så sterkt på her og no.

Etterlyser dialog

Viktig no, meiner rådgjevaren, er at kommunane har ein tett dialog og samla interesser, for at dei skal kunne bli ein reell og likeverdig samhandlingspartnar med dei mektige helseføretaka. Her er KS aktiv med å etablere nettverk og samarbeidsutval, mellom anna mellom pleie- og omsorgssjefane i kommunane.

– Eg er optimistisk på kommunane sine vegner. Eg ser ei offensiv haldning i fleire kommunar. Dei tar i mot nye utfordringar, og det  er flott, sluttar Toft.

FAKTA:
Samhandlingsreforma

Regjeringa la fram si samhandlingsreform i juni i år. Eit hovudføremål er at pasientane skal få betre behandling der dei bur. Betre samarbeid mellom kommunar og sjukehus er ei anna viktig målsetjing.

Reforma vil krevje opprusting av kommunehelsetenesta, fleire nye legeårsverk i kommunane, auka fokus på førebygging og rehabilitering i kommunane, samt samarbeid på tvers av kommunegrensene.

Kommunal medfinansiering av pasientar på sjukehus er eit av tiltaka regjeringa ser for seg kan inspirere kommunane til å vurdere eigen helseinnsats i eit fagleg og samfunnsøkonomisk perspektiv.

Leiar i fagforeininga Akademikarane, Knut Aarbakke, meiner reforma gjer det aktuelt å tenkje nytt om kommunestrukturen. Personar med høg utdanning vegrar seg for å jobbe i små fagmiljø, viser tal frå Akademikarane.

Kjelder: www.regjeringa.no og www.akademikerne.no

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...