Heim Nyhende – Treng større fagmiljø

– Treng større fagmiljø

Tilynslege og fastlege i Samnanger, Jakob Norup, trur det kan bli naudsynt med større kommunar og fagmiljø for å møte krava i regjeringa si samhandlingsreform.

Ordførar Marit Aase meiner vestlandskommunen enn så lenge er best tent med den grensa han har i dag.

Tal frå Akademikarane, fagforeininga for dei høgt utdanna, viser at heile 94 % av dei velutdanna føretrekkjer å jobbe andre plassar enn i kommunane.

– Fagmiljø er det som veg tyngst når akademikarane skal velje arbeidsplass. Gode fagmiljø i kommunane er avgjerande for at innbyggjarane skal kunne få det same gode velferdstilbodet uavhengig av kvar dei bur. Dette viser at samhandlingsreforma aktualiserer behovet for å tenkje nytt om den kommunestrukturen vi har i dag, seier leiar i Akademikarane, Knut Aarbakke, i ei pressemelding.

Ingeniørane forsvinn

Ordførar Marit Aase i hordalandskommunen Samnanger, som har 2354 innbyggjarar, kjenner godt til utfordringane med å rekruttere og halde på høgt utdanna fagpersonell. Ho opplever mellom anna at nyutdanna ingeniørar som får seg jobb i kommunen hennar, raskt forsvinn til større konsulentfirma.

Der finn dei større fagmiljø, meir spesialiserte oppgåver og betre lønn. Legar er ei anna gruppe kommunen har slite med å halde på. Etter å ha gjort grep her, mellom anna med nye lokale, ny organisering av arbeidsoppgåver og innføring av legevaktsamarbeid med nabokommunen Os, ser legane ut til å trivast betre. Iallfall er det no større stabilitet i kommunehelsetenesta i Samnanger enn kva det var for nokre år sidan

Legane trivst

Fastlege i kommunen, Jakob Norup, stadefestar gode arbeidstilhøve.

– Kva er bra her?

– Vi har eit godt arbeidsmiljø. Dette gjev god innverknad på både eigen og pasientane sine kvardagar. Det blir ein meir effektiv arbeidsgang når kommunestrukturen er så liten. Du får personleg kjennskap til dei du løyser oppgåver med, svarar Norup.

Han trur likevel det kan bli naudsynt med større fagmiljø og endra kommunestruktur for å møte krava i regjeringa si samhandlingsreform. Regjeringa ønskjer at fleire oppgåver skal over frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta. Samanslåing med andre kommunar kan bli naudsynt, meiner Norup.

– I ein så liten kommune er det ei heil mengd med område som må løftast, og det kan bli urealistisk å skulle klare dette med så få hender, seier legen.

Tradisjon for samarbeid

Samnanger kommune er, som ein av hordalandskommunane, no i gang med møteverksemd med KS og regionen sitt helseføretak om reforma. Aase ser at kommunen står overfor nye utfordringar med tanke på rekruttering og ressursar i helsesektoren.

Likevel har ho tru på at Samnanger vil kunne klare seg som eigen kommune framover. Ei styrking av det lokale, kombinert med interkommunalt samarbeid, er løysinga, trur ordføraren. Samarbeid gjennom Bergensrådet og med nabokommunane Fusa og Os har allereie lange tradisjonar i Samnanger. Erfaringane er gode, mellom anna innan område som IKT og landbruk.

– Vi har regelmessige møte med ordførarar og rådmenn i nabokommunane. Fagmiljø innan skule og helse samarbeider også over kommunegrensene. Vi har vidare styrka samhandlinga innan Bergensregionen, forklarer Aase.

Bør ikkje gå for fort fram

Ordføraren erfarer likevel det som Akademikarane dokumenterer: at større og meir spesialiserte fagmiljø verkar attraktivt på enkelte høgt utdanna faggrupper. Ho trur at ei vidare utvikling av det interkommunale samarbeidet vil kunne løyse problem her.

– Smått kan vere godt. Småkommunar ligg ofte på topp over plassar der det er godt å bu. Små forhold gjev ofte gode tenester. Dessutan er kommuneinndelinga her naturleg i forhold til topografien med fjellovergangar og fjordar. Eg trur det er klokt å ikkje gå fort fram med å endre kommunestrukturen her i landet. Eg er kritisk til at ei helsereform skal få styre her, sluttar Aase.

FAKTA:
Samhandlingsreforma
Regjeringa la fram si samhandlingsreform i juni i år. Eit hovudføremål er at pasientane skal få betre behandling der dei bur. Betre samarbeid mellom kommunar og sjukehus er ei anna viktig målsetjing.

Reforma vil krevje opprusting av kommunehelsetenesta, fleire nye legeårsverk i kommunane, auka fokus på førebygging og rehabilitering i kommunane, samt samarbeid på tvers av kommunegrensene.

Kommunal medfinansiering av pasientar på sjukehus er eit av tiltaka regjeringa ser for seg kan inspirere kommunane til å vurdere eigen helseinnsats i eit fagleg og samfunnsøkonomisk perspektiv.

Leiar i fagforeininga Akademikarane, Knut Aarbakke, meiner reforma gjer det aktuelt å tenkje nytt om kommunestrukturen. Personar med høg utdanning vegrar seg for å jobbe i små fagmiljø, viser tal frå Akademikarane.

Kjelder: www.regjeringa.no og www.akademikerne.no

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...