Heim Nyhende Løft for kulturskulen

Løft for kulturskulen

Regjeringa la i haust fram Kulturløftet 2, og Norsk kulturskuleråd meiner det no kan sjå lyst ut for kulturskulane.

– Kulturløftet 1 sette kulturskulesaka på den politiske dagsordenen, og med Kulturløftet 2 opplever vi at regjeringa er blitt enno meir konkrete. Mellom anna seier Kulturløftet 2 at overføring av pengar til kommunane er eit verkemiddel for å nå intensjonen om kulturskuleplass til alle.

Det seier seniorrådgjevar i Norsk kulturskuleråd, Harry Rishaug. Rådet er ein interesseorganisasjon for 407 kulturskular spreidde over heile landet, og har som hovudvisjon at det skal vere kulturskule for alle. Denne visjonen deler dei med den sitjande regjeringa, som i Kulturløftet 2 seier dei vil at alle barn som ønskjer det, skal få eit kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris.

Treng pengar

I desse dagar startar kulturskulane opp med nytt skuleår. Ventelistetala for denne sesongen er ikkje klare enno, men tal frå Grunnskulane sitt informasjonssystem (GSI) syner at 24 670 elevar fekk avslag på søknadene sine i 2008, medan 109 150 elevar fekk plass. Tala har vore rimeleg stabile i åra etter at den raudgrøne regjeringa kom til makta.

– Det nye Kulturløftet er eit betydeleg skritt framover for kulturskulane, seier Rishaug . – Slik eg opplever det, ser regjeringa no nødvendigheita av å gje kulturskulen eit løft gjennom konkrete tiltak, slik at løfter ikkje berre blir intensjonar og visjonar.

Vil ha øyremerking

Det er pengar det står på, også for kulturskulane. Seniorrådgjevar Rishaug legg ikkje skjul på at Norsk kulturskuleråd ønskjer øyremerkinga av midlar til kulturskulen tilbake. Denne ordninga vart fjerna i 2004.
Kristeleg folkeparti fremma i vår eit forslag i Stortinget om å innføre øyremerka midlar til kulturskulane på nytt, men forslaget har så langt ikkje ført til noko konkret.

– Skal kulturskulane få bukt med ventelistene, er lågare betalingssatsar eitt av dei verkemidla som kan mone mest, seier Rishaug. – Det må innførast satsar som er så låge og overkommelege at dei fleste kan greie å betale, meiner han.

– Ein nær dialog mellom statleg og kommunalt nivå er òg avgjerande, seier Rishaug. – Staten må gjere sitt for å sikre rammene og overføringane, samstundes som kommunane får god sjølvråderett over kva tilbod dei vil gje til kulturskulelevane.

Dreg opp rammene

Kulturløftet 1 vart avlagt i 2004, medan kulturlova vart vedteken i 2007. Den gongen kulturlova kom på plass, vart ho, med sine sju korte paragrafar, skulda for å vere ei symbollov; vag, for generell og for rund i formuleringane. Forsvararane av lova meiner det ikkje ville vore mogeleg å gje folket sterkare juridiske rettar til kulturen, og at lova er meint å gje kulturen same tyngde som andre offentlege instansar har. ”Du kan ikkje med kulturlova i hand gå til sak fordi du ikkje likar ei framsyning du har sett,” sa kulturministeren då han første gong presenterte kulturlova sommaren 2006.

Føremålet med kulturlova, den første i landet, er å sikre folket eit breitt spekter av kulturverksemder og eit mangfald av kulturuttrykk. Lova pålegg staten, fylkeskommunane og kommunane eit felles ansvar for å syte for at det finst økonomiske og organisatoriske verkemiddel til å setje dette ut i live. Departementet understrekar at dette er ei rammelov.

Pengebruken sprikar

Då kulturminister Trond Giske la lova fram, uttalte han dette: – Med kulturlova og ein romslegare kommuneøkonomi som utgangspunkt ventar vi no at stadig fleire kommunar og fylkeskommunar vil gje betre økonomiske rammevilkår for kulturlivet.

Kostra-tal syner at norske kommunar i fjor brukte gjennomsnittleg 1563 i per innbyggjar i netto driftsutgifter på kultursektoren. Det gjev ein svak oppgang dei siste åra, men tala syner stor geografisk variasjon. Medan ein kommune som Bykle brukte heile 18 487 kulturkroner per innbyggjar i fjor, brukte Gaular berre 319.

Eit løft

Medan kulturlova berre skisserer dei ytre rammene for innbyggjarane sine rettar til kultur, er Kulturløftet 1 og 2 meir konkrete. Kulturløftet 1 hadde eit mål om at om lag 1 prosent av statsbudsjettet skal øyremerkast kultur innan 2014, intensjonar om styrka innkjøpsordningar for norsk litteratur, eigne støtteordningar for dans, kulturkort for ungdom og eit ønskje om at eitt av fire kinobesøk skal vere til ein norsk film. Svært mykje av Kulturløftet 1 er vidareført i Kulturløftet 2. I det nye kulturløftet er det dessutan kome inn punkt som omtalar styrking av nynorsken og satsing på næringsutvikling og kultureksport.

Gratis

I Eidfjord kommune i Hordaland har dei gratis kulturskule. Elles i landet ligg eigenbetalinga på gjennomsnittleg 3 500 kroner for eit år. Eidfjord kommune er dessutan den nest beste kommunen i landet når det gjeld å bruke pengar på kultur. Heile 10 004 kroner kulturkroner bruker kommunen per innbyggjar i fjor, og dei har ikkje tenkt å byrje å spare inn på pengane enno.

– Det vi bruker på kultur, utgjer ein svært liten del av det totale budsjettet, seier ordførar Anved Johan Tveit (Sp) i Eidfjord. – I ein liten kommune med få innbyggjarar vert ein slik sum fort høg.

Det politiske Eidfjord hadde ingen problem med å vedta gratis kulturskule samrøystes frå 2008. – Det vart ikkje dei store ekstrautgiftene av det, seier ordføraren.

– Vi ser dette som eit trivselstiltak og håper satsinga på kultur er med og trekkjer innbyggjarar til kommunen. Eidfjord har faktisk hatt positiv folketalsutvikling dei siste tre åra.

Finanskrisa

Innføring av gratis kulturskule førte til auka interesse for kulturskulen. Elevtalet auka frå 50 til 70 frå 2007 til 2008, og det er betyr at 65 prosent av grunnskuleelevane i Eidfjord gjekk i kulturskulen i fjor. Berre ni elevar sto på vent førre skuleår, og det var hovudsakleg fordi kommunen ikkje hadde tilbod om den aktiviteten dei ønskte.

– Som dei fleste kommunar er vi i ein prosess kor ein må sjå på kva utgifter kommunen kan leve med, seier ordførar Tvedt. – Som kraftkommune er vi indirekte påverka av finanskrisa i høve konsesjonsprisar og kraftprisar. Vi kan ikkje garantere gratis kulturskule til evig tid, men vi held fram med det enn så lenge.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...