Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell har fått æra av å opne det nynorske leksikonet Alkunne den 20. oktober.
Leksikonet inneheld no 850 publiserte artiklar, og dette talet vil auke kraftig i åra som kjem, , seier Eirik Helleve, dagleg leiar i Allkunne. I tillegg blir det jobba med å få på plass ein avtale med Cappelen Damm om retten til å omsetje artiklar frå Caplex.
Nær 60 forfattarar har så langt levert artiklar til Allkunne. Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum har samarbeidd i mange år for å utvikle dette tilbodet, og er eigarane bak Allkunne AS.