Heim Nyhende Mållaget vil samarbeide med Riksmålsforbundet

Mållaget vil samarbeide med Riksmålsforbundet

Mållaget vil samarbeide med Riksmålsforbundet.

– Framleis er me nok meir usamde enn samde, men på to punkt er me heilt einige med Riksmålsforbundet: god språkrøkt og meir offentleg normaltalemål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag inviterte Riksmålsforbundet til haustseminar i Bergen for å halde ei innleiing om utfordringane for eit tospråkleg Noreg, fortel mållagsleiaren i eit intervju på nettsidene til organisasjonen.

Riksmålsforbundets bidrag var éi av fleire innleiingar som tok utgangspunkt i Språkmeldinga, der det blir slått fast at norsk språkpolitikk er å ta vare både på bokmål og nynorsk.

Det var tyskprofessor ved Universitetet i Oslo John Ole Askedal som representerte Riksmålsforbundet, og han takka for den overraskande invitasjonen.

– Etter ein langvarig strid, så treng me etter Språkmeldinga ikkje å stridast lenger. Me kan like godt leve i fred med kvarandre, sa Askedal til Bergens Tidende.

Samde i noko
Håvard B. Øvregård meiner at det er viktig å sameine dei språkpolitiske kreftene i Noreg.

 – Det er ikkje altfor mange som er opptekne av språkpolitikk i Noreg. Riksmålsforbundet har synspunkt og meiningar som det er viktig å ha med i eit språkpolitisk ordskifte, sa Øvregård til avisa.

 – Framleis er me nok meir usamde enn samde, men to punkt einast me om: begge er opptekne av god språkrøkt, sjølv om det er på vegner av eige språk. Og me er samde om at det burde vere meir normaltalemål i allmenta.

Han ser ikkje vekk ifrå at det kan bli fleire møte.

 – Eg går ut ifrå at me skal møtast igjen, det er godt å ha den kommunikasjonslinja. Eg vonar dette er berre det fyrste steget, sa Øvregård til avisa. (NPK)

Førre artikkelOpnar nynorsk leksikon
Neste artikkelJærmuseet med i LNK

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...

Tale til landstinget: – Det er ikkje noko mindre enn ein skandale

Under her kan du lesa talen som statssekretær Trude Storheim i Kultur- og likestillingsdepartementet heldt på landstinget til LNK i Øygarden 3. juni. Det er...