Heim Nyhende – Bleikt budsjett for nynorskbrukarane

– Bleikt budsjett for nynorskbrukarane

Direktør for Nynorsk kultursentrum har gått gjennom statsbudsjettet og oppsummert verknadene for nynorskrørsla. “Eit bleikt budsjett for nynorskbrukarane”, er hans dom.

– Dei fleste nynorsktiltaka får dekt løns- og prisveksten, men heller ikkje meir, og budsjettet inneheld ingen nye tiltak som følgjer opp alle planane i språkmeldinga. Budsjettet burde hatt ein språkleg tiltakspakke som kunne gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk, seier Grepstad i ei pressemelding.

Grepstad viser melom anna til at 2010 skal vere eit nasjonalt leseår for å styrke lesekompetansen i landet, og meiner dei 6 millionane som er sette av til dette føremålet i 2010 ikkje er godt nok.

Medan nynorskrørsla i fjor opplevde eit løft i samband med statsbudsjettet, ser det i år ut til at det handlar meir om å halde økonomien på eksisterande nivå. LNK får ei lita auke i sine tilskot. Stiftingane Magasinett og Pirion, kor LNK er ein av stiftarane, er med dette budsjettet sikra faste løyvingar over statsbudsjettet.

Også Nynorsk kultursentrum melder om ein auke på 3,4 prosent i sine overføringar. Vinjefondet og nettleksikonet Alkunne får vidareført sine løyvingar.

Statsbudsjettet blir elles eit tema når nynorskorganisasjonane samlast i Nynorsk Forum i neste veke.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...