Heim Nyhende - Store ord må følgjast opp med store summar

– Store ord må følgjast opp med store summar

– Regjeringa har ein veldig offensiv språkpolitikk i bokstavar, men eg saknar ein like offensiv språkpolitikk i kroner, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag

Øvregård er godt nøgd med det auka tilskotet til Noregs Mållag på ein halv million, og trur at auken i dei økonomiske rammene for biblioteka, Kulturrådet og lærebøker vil gagne nynorskbruken. Han ser òg fram mot etableringa av eit nytt kunnskapssenter for utdanning frå 2011.

– Dette er noko me har etterlyst i fleire år, og er glade for at dette no har kome på plass. Det er svært viktig at me får meir forsking og fleire fakta på bordet kring spørsmål om målbyte og om sidemål, seier han i ei pressemelding.

Likevel etterlyser han konkrete løft.

– Kyrkje- og kulturdepartementet skal ha ros for at dei har sett språkpolitikk på dagsorden slik dei gjorde med Språkmeldinga. Det gav oss trua på at det no ville kome ei skikkeleg satsing. Det kan eg ikkje sjå i dette budsjettframlegget.

 Blant anna meiner Øvregård det er sett av for lite midlar til å etablere Språkbanken. Det er sett av 5,5 millionar til dette føremålet i budsjettet, medan Håvard B. Øvregård meiner ein treng omlag 100 milionar for å fullføre jobben.

Les meir her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...