Språkprofessor Finn-Erik Vinje meiner NRK fører eit språk som er vinglete og lite konsekvent.
I ein kommentar i Aftenposten hevder han at NRK har gått vekk frå standardtale under Hans-Torje Bjerkaas’ leiing. Journalistane i Dagsnytt Radio presenterer nyhende “etter mottoet går’e, så går’e”, seier Vinje. Nynorsk og bokmål blir brukt om ein annan, og lyttarane blir meir opptekne av språk enn innhald i sendingane, meiner språkprofessoren.
Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas medgjer overfor Aftenposten at nye språkreglar i NRK opnar for meir avvik frå standardtale, men at dette er meir for regionale enn nasjonale sendingar. Ifølgje Bjerkaas er NRK sine språkreglar klåre på at det skal vere offisielt nynorsk eller bokmål i alle nyhendesendingar og all programinformasjon.