Heim Nyhende Nynorsk nesten utrydda ved Universitetet i Oslo

Nynorsk nesten utrydda ved Universitetet i Oslo

Det er umogleg for studentane å halde oppe nynorsken sin ved Universitetet i Oslo (UiO), meiner Sylfest Lomheim. Talet på masteroppgåver på nynorsk er marginal.

Frå 2005 og fram til i dag er berre 0,02 prosent av dei sluttførte masteroppgåvene ved UiO skrivne på nynorsk.

Direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim, blir overraska når han høyrer kor lågt talet er, og meiner at situasjonen er alvorleg.

– Dette kan berre bety éin ting: Studentane med nynorsk som hovudmål, har få sjansar til å halde på nynorsken sin ved UiO. Grunnen må vera at det er få sjansar til det. Det er ikkje bøker eller forelesingar på nynorsk. I praksis er det uråd å halde oppe nynorsken der, meiner Lomheim.

Pensumproblem

Leiar av Studentmållaget i Oslo, Synnøve Midtbø Myking, trur at fagtradisjonar spelar inn på valet av målform.

– Det kan ha å gjera med at mange føler seg usikre på fagterminologien på området dei skriv om. Kanskje rettleiaren heller ikkje kjenner til fagterminologien på nynorsk, seier Myking til Universitas.

Forskaren Vera Schwach ved Nifu Step trekkjer fram at det finst færre gode språklege døme på nynorsk.

– Om det er få som brukar ei målform, og det er lite tilgang til lesestoff på dette målet, så er det også vanskelegare å skriva det. Det er færre å lene seg til. Utbreiinga av eit mål betyr mykje, seier Schwach.

Ho får støtte frå Lomheim og Myking.

– Det er sjølvsagt at manglande nynorskpensum er ei årsak. Lite tekst på nynorsk fører til mindre bruk av nynorsk. Det er ein vond sirkel, meiner Lomheim.

– Eg har også sjølv lagt merke til at dei som legg opp pensum ikkje er så bevisste på om det bør vera nynorsk litteratur representert, sjølv på fagfelt der han finst, seier Myking.

– Ei stor utfordring

Estetikkstudent Rikard Ingdal kjenner problemet på kroppen.

– Det er ei stor utfordring å skrive på nynorsk utan tilgang til pensum på målforma. Då eg spurte om nynorskpensum, fekk eg berre til svar at eg burde ha studert norrøn litteratur om eg ville lesa nynorsk.

Sjølv om det er eit klart fleirtal av studentane ved UiO som nyttar bokmål, så synest ikkje Mykling i Studentmållaget at det er dårleg gjort overfor resten av studentane å krevja meir nynorskpensum.

– Det bør ikkje vera slik at ein alltid skal ta omsyn til fleirtalet. Dei fleste eg har snakka med, har ingen problem med å lesa nynorsk. Dei klagar ikkje på å måtte lese engelsk pensum, og då bør det heller ikkje klagast på at ein må lese nynorsk, meiner studentmållagsleiaren.

UiO har ansvar

Prorektor Inga Bostad vedgår at nynorskdelen på pensum er låg, og er overraska over tala.

– Men vi er i gang med å laga nokre språkreglar i arbeidet med språkstrategi. Det vil vera naturleg å trekkje inn forholdet mellom nynorsk og bokmål der, seier Bostad. Ho ønskjer ikkje å seia noko om universitetet vil stille krav til meir nynorsk pensum, men er klar over det ansvaret UiO har til å halde på nynorsk som fagspråk.

– Eg meiner det er oppgåva vår å sikre at det framleis blir nytta nynorsk. Eg trur dette handlar om bevisstgjering, og universitetsleiinga ønskjer å oppfordre til bruk av både nynorsk og bokmål som fagspråk. Eg ønskjer at vi no skal utarbeide gode språkpolitiske retningsliner for både bokmål, nynorsk og engelsk. Der vil vi gje oppmodingar og reglar på ønskt språkbruk, lovar Bostad. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...