Heim Nyhende Framleis tru på Garborgsenteret

Framleis tru på Garborgsenteret

 Nasjonalt Garborgsenter fekk ikkje støtte over statsbudsjettet. Prosjektleiar Einar Schibevaag er likevel optimist.

Dåverande kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)  tok tidlegare i år det første spadestikket for Nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Samstundes vart det langt på veg gitt lovnadar om midlar til utvikling av senteret.

– Dette er ein svært viktig dag. Dette blir eit senter som skal gi mange menneske mot til å meine slik Bryne og gymnaset her i si tid gav meg. Time kommune og Jærmuseet har i dag vist styrke til å skape, sa Kleppa til Stavanger Aftenblad då ho sette spaden i jorda.

Likevel fekk ikkje prosjektet støtte over statsbudsjettet. Garborgsenteret søkte om ti millionar til utstillingsdelen av senteret, bygget er derimot finansiert av Time kommune.

– Me er sjølvsagt skuffa over at det ikkje er komne pengar. Men det får ingen innverknad på arbeidet vårt, me jobbar vidare og er optimistar, seier Schibevaag som er prosjektleiar på oppseiing. Truleg vert han verande i jobben fram til sommaren 2010.

– Det er sagt frå Stortinget at det er viktig å få på plass eit Nasjonalt Garborgsenter i 2011, då reknar eg og med at dei fylgjer det opp, slår han fast. Både direktør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland og ordførar i Time, Arnfinn Vigrestad har uttalt at det kan bli ei utfordring å opne senteret i 2011 utan støtte over statsbudsjettet. Schibevaag er likevel optimist, og meiner pengane vil kome.

Spørsmål til kulturministeren
Både Schibevaag og Snørteland har tidlegare også forsikra om at 500.000 av stasstøtta som Jærmuseet fekk både over budsjettet i fjor og i år var kanalisert til Garborgsenteret. I ettertid har fleire stemmer vore ute og poengtert at denne summen likevel ikkje er øyremerkt. Men Schibevaag forsikrar også no om at desse midlane er berekna på senteret.

– Garborgsenteret kan ikkje få støtte sidan me ikkje er ein eigen organisasjon, dermed kjem støtta via Jærmuseet. Og desse midlane vart løyvde i same møtet som det vart gitt støtte til senteret, slår han fast.

Trass i at prosjektet ikkje fekk den støtta dei hadde søkt om er senteret kome med på lista over prosjekt som kan få tilskot i seinare statsbudsjett. Stortingsrepresentant Dagfinn Høybråten (KrF) ber no kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) om lovnadar.

– Det var overraskande at statsbudsjettet var så blankt på dette punktet, seier han til Jærbladet og viser til at han meiner regjeringa langt på veg hadde gitt lovnadar i forkant.

Gamal strid
Trass i eit vedtak frå kommunestyret i Time som slår fast plasseringa for Nasjonalt Garborgsenter er det framleis strid om bygget. Det siste utspelet kom frå Torstein Garborg som bur på garden Arne Garborg vart fødd og vaks opp. Han tilbyr no kommunen tomt på garden til å bygge eit garborgsenter på. Schibevagg legg derimot vekt på at denne debatten no burde vere over.

– Eit samla kommunestyre vedtok kor bygget skal byggast. Og der blir det bygd, seier han.

Den lokale målrørsla er splitta i synet på Nasjonalt Garborgsenter. Leiar i Rogaland Mållag, Kirsten Tegle Bryne og tidlegare leiar i Time Mållag, Tarald Oma er blant dei kritiske stemmene.

– For meg verkar det planlagde Garborgsenteret på Bryne meir som eit lokalt enn eit nasjonalt senter. I dag er Garborgsenteret ein del av eit større bygg, og det er gjeve løyve til tre etasjar til heilt andre føremål. For meg verkar det heilt utruleg, seier Kirsten Tegle Bryne til Dag og Tid.

Schibevaag tek kritikken frå målrørsla til etteretning. Han slår samstundes fast at Garborgsenteret ikkje er eit prosjekt for målrørsla, men for folk flest.

– Men eg trur også senteret vil bli ein ressurs for målrørsla, seier han.

Senteret som er under bygging blir lokalisert i lag med det nye biblioteket til Time kommune. I same området ligg også høghuset til Forum Jæren.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...