Heim Nyhende Krev lettlestbøker på nynorsk

Krev lettlestbøker på nynorsk

Lettlestbøker av læreverk i skulen kjem inn under kravet om parallellutgåver. Likevel er mange av bøkene ikkje tilgjengelege på nynorsk. No skal støtteordningane bli betre.

Både Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet er klare på at lettlestbøker i følgje opplæringslova også kjem inn under kravet om parallellutgåver på nynorsk. Likevel ser ein at dette ofte ikkje er tilfellet. Forlaga på si side meiner stram økonomi og ein smal marknad er hovudgrunnen til at nynorskversjonane ikkje blir produserte. Dette er også eit problem når det gjeld lydbøker.

 

No skal Utdanningsdirektoratet evaluere tilskotsordninga si for smale fag og små elevgrupper. Målet er at denne ordninga skal bli meir tilgjengelig, også for dei forlaga som ynskjer å omsetje lettlestbøker og lydbøker til nynorsk. Rapporten om støtteordningane skal leggjast fram for departementet i januar.

– Me ynskjer å gå gjennom nivået på og kriteria for tildeling av tilskotet, og å gå gjennom korleis behova for utvikling av læremiddel samsvarer med tildelingane. Skuleeigaren kjøper inn bøkene og kan bruke makta si som forbrukar til å endre situasjonen ved å berre kjøpe inn læremiddel som finst på nynorsk og bokmål til same tid, seier rådgjevar i Kunnskapsdepartementet, Nina Teigland.

På spørsmål om dei eksisterande støtteordningane gjeld både for grunnskulen og vidaregåande svarer både Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet bekreftande. Men etter kvart viser det seg tilskotet til smale fag og små elevgrupper fram til 2012 er sett av til fag på vidaregåande skule. Det er direktoratet som forvaltar støtteordninga og som har kome med desse prioriteringane.

– Det vil seie at me nok ikkje kjem til å lyse ut tilskot til læremidlar for grunnskulen i denne kategorien framover, med mindre det kjem føringar som seier noko anna, skriv rådgjevar i direktoratet Astri Gjedrem i ein e-post.

– Held ikkje mål

Byrknes skule og rektor Helge Pedersen i Gulen kommune hadde planlagt å kjøpe inn nye lærebøker i samfunnsfag for ungdomsskulen. Faglærar i samfunnsfag vurderte dei ulike læreverka og tilrådde kjøp av Kosmos frå Fagbokforlaget. Eit av argumenta bak kjøpet var nettopp at Kosmos hadde ei lettlestutgåve av lærebøkene. Dette er bøker som har større skrift, mindre fagstoff og enklare språk enn grunnboka. Lettlestugåva skal vere til hjelp for dei elevane som treng tilpassa opplæring. Etterkvart skulle det vise seg at grunnboka i faget var tilgjengeleg både på nynorsk og bokmål, medan lettlestboka og lydboka berre kunne få kjøpast på bokmål. Lettlestboka var også betrakteleg dyrare enn grunnboka. Rektor Helge Pedersen meiner dette ikkje held mål.

– Og det er uheldig for elevane som har behov for ekstra hjelp. Dersom dei ikkje får boka tilgjengeleg på nynorsk, vil det bli stein til børa, meiner Pedersen.
Byrknes enda opp med å kjøpe inn lettlestbøker av Kosmos, trass i at dei då måtte bruke bokmålsversjonen. Dette vart gjort på grunnlag av at skulen vurderte det som aller viktigast å gi eleven ei lettlestbok.

Vil vurdere på nytt

Forlagssjef i Fagbokforlaget, Thor Jørgen Kristiansen, medgir etter at han har lese opplæringslova på nytt, at den kanskje kan tolkast slik at også lettlestbøker og lydbøker skal liggje føre på begge målformer.

– I utgangspunktet har me sett på lettlestbøkene som ein tilleggskomponent til læreverket, og at dei dermed ikkje kom inn under kravet om parallellutgåver, seier han.

– Kva tenkjer du om det nå?

– Eg må medgi at me kanskje må revurdere dette synet. Det kan sjå ut som at lettlestbøkene også burde vore tilgjengelege på nynorsk. Samstundes er det slik at me ikkje hadde hatt økonomi til å gi dei ut på nynorsk.   
Kristiansen viser til at Fagbokforlaget har søkt Utdanningsdirektoratet om midlar til å gi ut Kosmos sin lettlestversjon på nynorsk. Tilskotsordninga skal bidra til at det blir utvikla og produsert læremiddel for smale fagområde og små elev- og lærlinggrupper der det ikkje er marknadsgrunnlag for kommersiell utgjeving. I år har direktoratet lyst ut ein sum på 21 millionar kroner, der seks av desse går til reine parallellutgåver. Ein vesentleg del av dei resterande 15 millionane går også til nynorskutgåver. I fjor vart det gitt støtte til både nynorskutgåver og fellesspråklege utgåver i fleire fag på vidaregåande skular, men ingen på grunnskulen. Som tidlegare nemnd er tilskotet til smale fag og små elevgrupper sett av til fag på vidaregåande fram til 2012.

– Viss me får støtte, vert i alle fall den realisert. Men elles trur eg at eg må gå ein runde med meg sjølv og mine kollegaer når det gjeld dette, seier Kristiansen om ei eventuell nynorskutgåve av Kosmos si lettlestutgåve.

– Betyr det at det vil kome fleire nynorskversjonar av lettlestbøkene i framtida?

– Ja, eller at me må droppe lettlestbøkene. Dersom nynorskversjonane må vere på plass når me lanserer ei ny lettlestbok, må me sjå på om me har råd til det. Det er dyrare å produsere ei lettlestbok enn ei grunnbok sidan ein utviklar dei for ein avgrensa marknad. Difor er den også dyrare å kjøpe enn grunnboka. Men det kan hende me må revurdere prisen også. Det kan til dømes hende at prisen på dei andre bøkene då vil gå opp som ein konsekvens av det.

Gjeld også nettsider

I følgje Kunnskapsdepartementet skal alle læreverk, også dei digitale, som er retta mot elevane, vere tilgjengelege på begge målformer. Dette gjeld også læreverka sine nettsider.
Nettsida til Kosmos har ikkje ein nynorsk versjon.

– I utgangspunktet har me meint at nettsider er kjeldestoff, lenker og bakgrunnsstoff og dermed ikkje må vere tilgjengeleg på nynorsk. Men det er sjølvsagt viktig at slike nettsider også viser til nynorske nettstader og aviser, slår Kristiansen fast.

Rådgjevar Nina Teigland i Kunnskapsdepartementet viser også til at Huseby kompetansesenter tilbyr produksjon og distribusjon av tilpassa lydbøker for grunnopplæringa. Senteret har eit landsdekkande ansvar for utvikling, produksjon og distribusjon av lydbøker som læremiddel til ungdomstrinnet og vidaregåande skule. Det lukkast ikkje LNK-avisa å kome i kontakt med Huseby kompetansesenter.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...