Heim Nyhende Tre av fire unge forlèt nynorsken

Tre av fire unge forlèt nynorsken

Skuleelevar i nynorskområde forlèt nynorsk som hovudmål når dei sjølve får bestemme. Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd, syner ei undersøking.

– Ikkje overraskande, men ein vekkjar, seier norsklærar Karen Marie Kvåle Garthus, til Nationen.
 For fyrste gong er det gjennomført ei omfattande undersøking av kvifor så mange skuleelevar skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål.

– Vanskeleg
Gjennom pilotprosjektet Målstreken har Valdres Mållag, med støtte frå Noregs Mållag, spurt 414 elevar i regionen om språkhaldningar og språkskifte. Resultata viser mellom anna at:
 * 75 prosent av elevane skiftar frå nynorsk til bokmål.
 * Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd: 37 prosent går over til bokmål mellom barneskule og ungdomsskule.
 * Fleire jenter enn gutar forlèt nynorsken.
 * «Innflyttarforeldre» er ikkje årsaka til språkskiftet: 72 prosent av dei som har begge foreldra frå Valdres, skiftar frå nynorsk til bokmål.
 Mange av skiftarane synest nynorsk er vanskelegare enn bokmål. Andre viser til at «bokmål er overalt og kan brukast overalt».
 – Det er ikkje sjokkerande svar. Mykje av dette var kjent. Men det var ein vekkjar å få det talfesta, seier prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus, som er norsklærar ved Valdres vidaregåande skule.

Identitet
– Når nynorsk er så godt som usynleg i offentlege kanalar, oppfattar ungdom det raskt. Då er det naturleg å velje det språket som blir brukt overalt. Det å velje nynorsk blir eit veldig markert val, seier ho.
 Kvåle Garthus peiker også på fordelane med å meistre begge målformer.
 – Det å meistre nynorsk kan vere ein yrkesfordel. Aller størst i offentleg sektor – der dei tek språklova på alvor. Vel så viktig er identitetsaspektet. Når ein skal finne ut kven ein er og kvar ein står, er språket viktig, meiner Kvåle Garthus. (NPK)

Førre artikkelSpektakulær sauedrift
Neste artikkelStøtte til bibliotek

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...