Heim Nyhende Spektakulær sauedrift

Spektakulær sauedrift

– Me prøver å få fram det unike i Sirdal, seier dagleg leiar i Sirdalsferie, Anita Vik, om Sirdalsdagane og den store sauedrifta.

Den første helga i september er tradisjonen fast. Då inviterer Sirdal til den store folkefesten som plar samle om lag 10 000 menneske i løpet av ei enkel helg. Og som alltid opnar festen med at om lag 5000 sauer marsjerer i flokk nedover hovudvegen frå Suleskar til Kvæven. Den store sauesamlinga er blitt ein attraksjon i fjellkommunen.

Positive ringverknadar

– Mange festivalar slit. Men eg trur me har funne fram til noko av det unike i Sirdal, ingen andre har noko slikt som dette, seier Vik.

Ho håpar Sirdalsdagane kan vere med på å vise fram ein gamal kulturarv og tradisjon. Sjølv om det også i Sirdal er blitt færre sauer i heia, er det framleis ei stor drift som vert ført samla ned til bygda. Før, på 1800-talet, var det heile 80 000 sauer i heia, no er det rett nok berre 20 000, fortel Anita Vik. Likevel er den store sauedrifta i dag eit sjeldant bilete på ei gamal næring.

– Det er eit spektakulært syn. Og me ser jo at ikkje alle er like vane med å vere i lag med dyr som før, fortel ho og viser til at festivalen også pleier å ha andre sauearrangement som sauebingo, sal av ulike ullprodukt, matrettar av sau og sauegjeting på programmet.

– At folk kjem att gong på gong, viser at dei kosar seg, meiner ho om arrangementet. Ho legg heller ikkje skjul på at festivalen gir positive ringverknader for økonomien, både i idrettslaga, turistnæringa og handelsstanden.

– Og naturlegvis fører den til ein del mediedekning som er positiv marknadsføring for kommunen vår, slår ho fast.

Variert program

Sirdalsdagane er det største kulturarrangementet i Sirdal og markerer den snart 180 år gamle tradisjonen med å bringe sauer frå Jæren og Dalane til Sirdalsheiane for å beite på sommaren. Dette blir markert med ein tre dagar lang fest. I år gjekk arrangementet av stabelen for 19. gong. Sentralt denne helga står også eit variert underhaldningsprogram. Til dømes besøkte kjendisar som artist Tone Damli Aaberge og fjellklatrar Cecilie Skog festivalen dette året.

Men meiningane er også mange og varierte om Sirdalsdagane. Sauedrifta har ved fleire høve blitt kritisert fordi nokon meiner turen ned langs fylkesvegen er for lang og trøttar ut dyra.

– Me har ein særs god dialog med mattilsynet og utfører dei tiltaka som dei ber oss om. Me har også tett kontakt med dyrlege undervegs og ein fast følgebil som tek opp skadde og trøtte dyr. Difor er ikkje dette noko stort problem, meiner Vik bestemt.

No ser Sirdalsferie også på kva ein kan gjere for å få meir ut av skirennet Sesilåmi som arrangement. Det er nemleg også stor folkeinteresse for det 52 kilometer lange rennet frå Setesdal til Sirdal.

– No har me fått til eit stort arrangement rundt sauesamlinga. No må me spørje oss sjølv kva me kan få ut av dette populære skirennet, slår Anita Vik fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...