Heim Nyhende Vekst i kommunane – men trongare tider er venta

Vekst i kommunane – men trongare tider er venta

 Pleie og omsorg og barnevern er høgt prioritert i kommunebudsjetta for 2010. Samtidig blir utgiftsveksten til skule redusert, noko som blir sett i samanheng med færre elevar.

 – Kommunebudsjetta aukar framleis på alle utgiftsområde. Kommunane har prøvd å halde oppe tenestetilbodet ved å svekkje drifta og ta opp lån.
 – No må vi vera førebudde på trongare tider som også vil ramme kommunesektoren. Då er det viktig at ein større del av veksten kjem som frie inntekter og at staten legg færre føringar på bruken av veksten i frie inntekter, seier sjeføkonom i Kommunenes interesseorganisasjon (KS), Per Richard Johansen.

Brukar meir i 2010
KS har spurt kommunar og fylkeskommunar korleis dei har budsjettert på dei ulike sektorane i forhold til i fjor.
 Av svara går det blant anna fram at 42 prosent av kommunane vil bruke meir pengar på pleie og omsorgssektoren.
 Nesten halvparten av kommunane vil bruke meir pengar i barnevernet i år enn i fjor.
 Derimot vil berre 31 prosent av kommunane bruke meir i skulesektoren. 41 prosent legg opp til å bruke mindre pengar på skule i år enn i 2009.
 17 prosent av kommunane seier at det blir færre elevar per lærar, medan 29 prosent av dei som har svara seier at det blir fleire elevar på kvar lærar. 10 prosent av kommunane reknar med at dei skal leggja ned skular i år.

– Betre tilbod
– Eg er fornøgd med at kommunane held oppe eller aukar satsinga på viktige område i finanskrisetider.
 Det er ikkje like sjølvsagt alle stader, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar til undersøkinga. Ho har nyleg besøkt Finland, der kommunar vurderer å permittere tilsette på grunn av pengemangel.
 – Dette er ei undersøking som viser korleis kommunane har tenkt å bruke pengane. Det blir spennande å sjå om det er slik det også blir. Men eg synest at kommunane gjer ein kjempejobb, seier kommunalministeren.

Endringar i elevtal
At 10 prosent av kommunane reknar med å leggja ned skular, ser Navarsete i samanheng med endringar i elevtalet.
 – Men eg ønskjer ikkje ei utvikling der kommuneøkonomien er årsaka til skulenedlegging.
 Saman med kommunane vil vi arbeide både for å halde opp skular og få fleire lærarar i forhold til elevtalet, seier ho.
 Sjeføkonom Per Richard Johansen seier at veksten i kommunane har vore sterk i fleire år. Men inntektene frå staten har vorte dirigerte mot utvalde område. Kommunane har fått lite rom for å prioritere, og for å klare oppgåvene er driftsbalansen svekt og låneopptaket har auka.
 Undersøkinga til KS viser at det er langt att før alle kommunar når målet om eit netto driftsresultat på 3 prosent. (NPK)

Førre artikkelBeste nynorskbok
Neste artikkelForslag om fritak

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...