– Me håpar å skape meir interesse for nynorsk litteratur, seier Bente Dammen, som er prosjektleiar i Nye tider – ny norsk, som biblioteka i Nordhordland gjennomfører.
Bente Dammen frå Osterøy er nytilsett i prosjektet, som er støtta av LNK og kommunane i Nordhordland. No håpar prosjektleiaren at dei også kan få støtte frå aktørar som fylkeskommunen og Fritt Ord. Målet er å skaffe tilstrekkeleg med midlar slik at ein kan få på plass ei prosjektleiarstilling i 70 prosent, samstundes som ein kan arrangere fleire aktivitetar. Målet med prosjektet er å gjere dei tilsette ved biblioteka betre rusta til å formidle den nynorske litteraturen.
– 8. mars skal me ha eit arrangement for alle tilsette ved biblioteka der me skal presentere den nynorske barnelitteraturen frå i fjor. Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret kjem for å formidle bøkene, fortel Dammen og peikar på at formidlinga av litteraturen er avgjerande for korleis lesaren mottek han.
– Me må gjere den nynorske litteraturen meir leiken og meir freistande for lesaren. Då treng dei tilsette ved biblioteka meir kunnskap for å kunne formidle han vidare. Målet er å få dei nynorske bøkene høgt opp på utlånsstatistikken.
Sjølv om dei nynorske bøkene ikkje alltid toppar utlånslistene, finst det unntak. I 2009 kom Vaffelhjarte av Maria Parr på 3. plass på utlånsstatistikken ved Osterøy folkeboksamling. Det er positivt, meiner Bente Dammen.
Prosjektet Nye tider – ny norsk starta opp i 2008, og Dammen håpar det er realistisk å halde liv i prosjektet i fleire år framover. No planlegg prosjektleiinga fleire arrangement, både for vaksne og barn. Mellom anna er det planar om lesesirklar og om å utvikle eit lesespel for barn.
Prosjektet er utvikla av LNK som eit pilotprosjekt.