Heim Nyhende – Treng ein idébank

– Treng ein idébank

Den nyvalde leiaren i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand, meiner ein burde få på plass ein idébank, der lærarar og førskulelærarar kan hente ut nynorsk materiell.

 

Ei gransking gjort av tekst- og skriveforskar Norunn Askeland ved Høgskolen i Vestfold, viser at det er langt færre nynorsktekstar i dei nye lesebøkene som er laga for ungdomsskulen etter Kunnskapsløftet. I følgje Utdanningsnytt er det no berre 15,4 prosent nynorsktekstar i lesebøker for elevar med bokmål som hovudmål, medan prosenten i fellesutgåvene ligg mellom 25 og 33. Samstundes vert det i mange tilfelle etterlyst undervisningsmateriell som lettlestbøker, lydbøker og nettsider på nynorsk. Kva kan ein gjere for å sikre meir nynorsk materiell?

– Det er viktig at lærarane er gode pådrivarar og etterlyser materiell og bøker på nynorsk, seier Bjerkestrand. Og Iæremiddel er ikkje lenger berre lærebøker.

– Det er viktig at ein tek i bruk ny teknologi i undervisninga, men då er det også viktig at det er dei same språklege krava til dette materiellet som til bøkene.
I samband med dette tek no Bjerkestrand til orde for å etablere ein bank der ein kan samle tips, tilrettelagt informasjon og materiell på nynorsk. Målet må vere at lærarane lettare finn fram til det dei treng, meiner ho.

Løfte fram det positive
Bjerkestrand byrja som leiar i Utdanningsforbundet ved nyttår og meiner kunnskap og utdanning aldri har vore så viktig som no. Den nyvalde leiaren lanserer høgare status for læraryrket, mindre fråfall i den vidaregåande skulen, større lærartettleik og betre rekrutteringstiltak til læraryrket som viktige satsingsfelt.

– Me må løfte fram det positive med læraryrket, slik at fleire vel å bli lærar for å gjere ein viktig jobb. Me ynskjer at dei beste realistane blir lærarar, slik at dei kan undervise dei komande realistane.

– Og 30 prosent fråfall i den vidaregåande skulen er for mykje. Det må me gjere noko med, slår ho fast.

I eit tidlegare intervju til Vårt Land peikar Bjerkestrand på at samfunnet i følgje ein ny rapport frå NTNU kan spare 8,8 milliardar kroner ved å redusere fråfallet frå vidaregåande skular med ein tredjedel. Utdanningsforbundet peikar også på at yrkesfagklassar ikkje bør bestå av meir enn 15 elevar, og at elevar som ikkje får læreplass, skal få eit toårig, praksisretta tilbod i regi av skulen.

Ei oppgåve for forlaga
Ho slår også eit slag for å styrkje nynorsken. Og det språklege arbeidet startar i barnehagen.

– Det er ingen som no er usamde i at heile utdanningsløpet startar i barnehagen. Førskulelærarane har eit stort ansvar, sidan det er i barnehagen barna møter språk for første gong, meiner Mimi Bjerkestrand.

– Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter lanserte i fjor boka Nynorsk på nytt, som skal vere ei idébok for lærarstudentar og lærarar i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Kva tenkjer du om slike tiltak?

–  Eg kjenner ikkje til den boka, men det høyres veldig positivt ut. Det er viktig å tenke på korleis ein kan leggje til rette undervisninga. Lærarane treng å finne det lærarmateriellet dei treng. Her har også forlaga ei oppgåve, slår ho fast.

– Men forlaga meiner jo ofte at det ikkje lønner seg økonomisk å produsere nynorsk materiell?

– Dersom forlaga bruker økonomi som eit argument for å ikkje produsere nynorsk læremateriell, bør styresmaktene sjå på korleis dette blir finansiert, slår ho fast.  

Ynskjer bevisstgjering
Bjerkestrand legg også vekt på at det er naudsynt med statlege reguleringar for å behalde to skriftspråk.

– Dei nasjonale krava er viktige dersom ein skal klare å styrkje nynorsken, slår ho fast.

– Kva tenkjer du om framtida til nynorsken i skulen?

– Eg er optimistisk, ikkje minst sidan det er så mange flinke nynorskbrukande lærarar der ute. Og eg trur mange no er opptekne av både språk og identitet. Men ein skal ikkje ta dette for gitt, ein må heile tida krevje materiell på nynorsk og stimulere til ei bevisstgjering rundt språket, meiner Bjerkestrand.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...