Heim Nyhende - Engelsk mindre viktig

– Engelsk mindre viktig

Ei kartlegging gjennomført av Språkrådet vinteren 2009 viser at 72 prosent av bedriftsleiarane meinte engelsk ikkje var viktig for å fremje effektiviteten i bedrifta.

Bedriftsleiarane vart spurde om kva dei meinte om forholdet mellom språk og effektivitet og om bruken av engelsk og norsk i reklame og marknadsføring. Heile 76 prosent meinte at eit godt språk truleg auka effektiviteten i verksemda. Berre 19 prosent meinte engelsk var viktig i reklame og marknadsføring.

Dette endrar seg noko når ein ser på verksemda sin kommunikasjon med omverda. 26 prosent av dei spurde meinte det var viktig med engelsk på bedrifta si heimeside, medan ein tredjedel meinte engelsk var viktig i brev og e-postar til kundar og leverandørar. 42 prosent meinte at munnleg engelsk var viktig i møte med kundar. Heile 76 prosent av bedriftsleiarane meinte at alle verksemder burde ha ein språkpolitikk som fremja godt språk, og 60 prosent meinte ein ikkje burde lyse ut stillingar på engelsk mot den norske marknaden.

Førre artikkel– Treng ein idébank
Neste artikkel– Dårlege råd

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...