Heim Nyhende Finn saman i musikken

Finn saman i musikken

Barn frå 20 ulike nasjonar skapar ei ny verd gjennom prosjektet Fargespill. Det er på kulturarenaen integreringa bør starte, meiner musikar og komponist Ole Hamre.

Fargespill starta eigentleg som ei framsyning til Festspela i Bergen i 2003. Sidan har prosjektet blitt ein viktig integreringsarena i Bergen kommune, med nye framsyningar og aktørar kvart år. Her opptrer unge innvandrar saman med norske barn og unge. Rundt seg har dei eit profesjonelt apparat. Saman får dei kvart år fram både tårer og smil hos eit stort publikum.  

Tydelege parallellar

– Det er så tydeleg at vi høyrer saman musikalsk, seier Hamre.

Han har jobba mykje med folkemusikk, som også er det berande elementet i Fargespill. Han fortel frå tida då Fargespill var på spiringsstadiet. Hamre hadde samla unge til eit møte i folkemusikken.

Ein irakisk gut byrja å synge arabisk kvarttonesong oppå ein norsk folkemelodi. Håra reiste seg på kroppen. Denne opplevinga gjorde at eg såg tydelege parallellar i musikken, held Hamre fram.

Herfrå vaks ideen om Fargespill fram. Med seg på regisida og i utviklinga av spelet har Hamre fått songaren og pedagogen Sissel Saue og koreograf Hilde Sol Erdal. Det administrative og finansielle tar kommunen seg av gjennom prosjektleiar Kjersti Berge.

Er seg sjølve på scena

Flyktningebarna møter ein heilt ny røyndom når dei kjem hit, seier Hamre.

Dei er på mange måtar i dramatiske situasjonar, og dette kan mobilisere noko, trur han. Dei unge som opptrer med Fargespill, er heilt og fullt seg sjølve på scena. Det er dette dei er gode på. Som kunstnar er Hamre opptatt av at formidlinga nettopp må innehalde noko personleg. Samstundes får dei unge aktørane rammer av så profesjonell kvalitet som mogleg rundt seg. Både regissørar, musikarar, og lyd- og lysfolk er høgt kvalifiserte.

Desse rammene tar vare på den profesjonelle kvaliteten. Ein irriterer seg ikkje over at nokon syng surt.

Ny klasse kvart år

Ureine tonar kan tvert imot vere vakkert og ha stor formidlingskraft, har Hamre erfart. Det er noko med det sterke og det sårbare som er til stades på ei og same tid.

Spelet har inga aldersgrense. Dei fleste er likevel mellom 8 og 20 år, og dei blir rekrutterte gjennom Nygård skule, der folk som er nye i landet og kommunen kjem for å lære norsk og samfunnskunnskap. Kven som blir med derfrå, er tilfeldig, vanlegvis er det ein ny klasse kvart år som fyller rollene i Fargespill.

Må snu tankegangen
Musikken og dansen som dei unge har med seg frå heimlanda sine, blir kopla saman og får tonar frå norsk folkemusikk som raud tråd. Hamre kallar prosessen for ei gåveutveksling.

Kva kan du gi meg, er spørsmålet Hamre og kollegaene hans møter dei nye i spelet med.

Når vi får gi, kjenner alle seg sterke. Dette er ein føresetnad i menneskelege møte, held han fram.

Musikaren trur det er her det ofte går galt i norsk integreringspolitikk. Vi er for bundne i kategoriar og tanken om at det er vi som skal hjelpe innvandrarane.

– Ideen om at det berre er vi som skal gi, er utruleg arrogant, meiner han.

I staden for å møte innvandrarar med enten medkjensle eller forakt, som vi ofte gjer, bør vi heller opne oss og spørje: ”Kva kan du hjelpe meg med?”, meiner Hamre. Denne tankegangen er også noko av løyndommen bak suksessen Fargespill. Dette hindrar ikkje at det blir stilt store krav til utøvarane.  

– Bruk kor og korps

– Eg trur kulturprosjekt har enormt mykje for seg. Kulturen fungerer som møteplass, det veit eg, seier Hamre og oppmodar kommunane om å trekkje flyktningar og innvandrarar med i det som finst av lokale kulturaktivitetar, som kor og korps, eller å la seg inspirere av Fargespill og starte liknande prosjekt andre plassar i landet.

Hamre legg ikkje skjul på at kulturmøte er utfordrande og kan vere konfliktfylte. Han saknar likevel eit større fokus på potensialet som ligg i desse møta.

Ein veks i møte med andre. Fargespill er det mest lærerike eg nokon gong har opplevd, sluttar han.

Førre artikkelNettsider på bokmål
Neste artikkelVil samarbeide

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...