Heim Nyhende Nettsider på bokmål

Nettsider på bokmål

NSB slår fast i sine vedtekter at dei skal oppfylle mållova så godt det lèt seg gjere. Likevel har dei berre nettsider på bokmål.

Informasjonssjef Preben Colstrup legg vekt på at NSB skal fylgje målbrukslova når det gjeld informasjonsretta materiell.

– Målbrukslova slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer. Det inneber mellom anna at målforma som er vedteken i ein kommune eller fylkeskommune, skal nyttast til dømes ved skilting, i informasjonsmateriell og i informasjonsannonsar, uttalte dåverande samferdsleminister, Liv Signe Navarsete, då språkreglane for statlege aksjeselskap vart skjerpa i 2007.

Ikkje påbod

– Me har ikkje noko påbod om å bruke nynorsk til dømes på nettsidene våre, men me har jo heller ikkje eit forbod, seier Colstrup.

– Meiner de nettsider berre på bokmål er eit godt nok tilbod til kundane?

– Det må kundane sjølve vurdere, meiner Preben Colstrup.

I haust gav NSB attendemelding til Samferdsledepartementet om praktiseringa deira av mållova i NSB Persontog. Colstrup legg vekt på at NSB praktiserer målbrukslova på strekningar der det er aktuelt. Til dømes vert det brukt nynorsk rutetabell på strekninga Bergen–Voss, og ein utfører merking og informasjon som til dømes plakatar på nynorsk i område der mange er nynorskbrukande. Colstrup viser også til at NSB har eit mål om å utforme annonsetekstar på nynorsk dersom dei skal inn i aviser der nynorsk er hovudmål.

– Det er denne måten me har valt å oppfylle målbrukslova på.

– Er det planar om å bruke meir nynorsk i framtida?

– Nei, som sagt er dette den måten me bruker nynorsk på no. Det er dette me har rapportert inn til departementet. Me har ikkje planar om å utvide bruken av nynorsk, seier Preben Colstrup.

Gjennomgang

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa legg no vekt at departementet vil gå gjennom rapporten NSB har sendt inn for å sjå om det er behov for ytterlegare krav til målbruken.

– Me vil ha ein gjennomgang av dette no, så håpar me det blir ei oppfylgjing tidleg i vår, seier ho.

– Kva tenkjer du om at NSB berre har nettsider på bokmål?

– Det er manglande respekt for nynorskbrukarane som også bruker NSB. Men som sagt, dette er vurderingar me vil kome attende til seinare.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...