Heim Nyhende Vil samarbeide

Vil samarbeide

 

 Diktarvegen skal styrke samhandlinga mellom regionane langs rv. 13. No vert det konferanse i Balestrand.

Det er meininga at Diktarvegen langs rv. 13 skal bli ein møteplass der ulike grupper kan samlast for å setje fokus på næringsutvikling, kultur og samferdsle i regionane. Diktarvegen går frå Jæren gjennom Ryfylke, Hardanger, Sogn og Fjordane og til Sunnfjord. No inviterer prosjektet til ein konferanse i Balestrand 8 og 9 april der ein vil drøfte korleis ein kan styrkje samhandlinga mellom desse regionane slik at ein lettare kan løyse mange av dei utfordringane kommunane har til felles.
– Det er slik at kommunane langs kysten har vekst, medan dei langs den indre vegen slit. Me må løfte kvarandre fram og hjelpe kvarandre. Me er gode saman, seier prosjektleiar i Diktarvegen, Marny Skeie Henkel.

Møte kulturen
Skeie Henkel er også dagleg leiar i Rasmus Løland-markeringa, som er ein av dei fem forfattarorganisasjonane som er ryggrada i prosjektet. Med i satsinga er også Haugestiftinga, Garborgsenteret, Jakob Sande-selskapet og Sivlelaget. Litteraturen og kulturen skal setje sine spor langs vegen slik at dei reisande kan få ei heilt spesiell oppleving. I Suldal har dei allereie fått ei ferje med sitat av forfattaren Rasmus Løland.
– Eg er opptatt av at folk skal møta kunsten, poesien, forfattaren der dei er, at dei ikkje nødvendigvis må oppsøkje den. Ein kan ikkje oppsøkje noko ein ikkje veit om. Kulturen må vere der folk er. Difor er det viktig å utfordra kommunar, reiselivsaktørar og andre til å synleggjere kulturen, seier prosjektleiaren og kastar fram idear som å møte Olav H. Hauge sin lyrikk på hotella i Ulvik, eller kanskje tekstane til Arne Garborg på Jæren Hotell? Eller kva med å dele ut lydbøker til trailersjåførar eller på ekspressbussane? Ideane er mange.

Naudsynt samarbeid
I/S Fjordvegen Rv 13 er eit interesseselskap for den viktige indre samferdselsåra på Vestlandet som går gjennom dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane og i alt 16 kommunar, og som er ein av samarbeidspartane i Diktarveg-prosjektet.
– Målet med konferansen me no skal ha, må vere å få ei betre samhandling mellom regionane. Me må få opp den velkjende entusiasmen langs heile strekninga, meiner prosjektleiar i Fjordvegen, Harald H. Løland, og viser til at Nasjonal transportplan som vart lagt fram sommaren 2009, var eit lyspunkt for vegstrekninga.
– Rv. 13 fekk behalde riksvegstatusen på stort sett heile strekninga. Det hadde me ikkje klart dersom me ikkje hadde hatt eit samarbeid, slår han fast.
Løland viser også til konferansen som Diktarvegen og Fjordvegen arrangerte i Ulvik i fjor, og meiner det er positivt at fleire grupper kan samarbeide om å skape vekst i regionane langs vegen.

Fleire grupper
Her handlar det ikkje berre om å få på plass den gule stripa på vegen, det handlar også om andre verdiar som kultur og litteratur. Det blir større tyngde og gjennomslagskraft dersom desse gruppene klarer å samarbeide. Me har også fått god draghjelp av Nasjonale turistvegar. Tre av turistvegane ligg langs rv. 13, over Gaularfjellet, i Hardanger og i Ryfylke.
På konferansen i Balestrand deltek mellom anna fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, forfattar Frode Grytten, samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa, professor ved institutt for samanliknande politikk, Frank Aarebrot, og direktør ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Randi Bårtvedt. Frå Danmark kjem i tillegg borgarmeister i Viborg kommune, Johannes Stensgaard, som skal snakke om korleis utvikling av lokal kulturkapital startar med barna.

 


Diktarvegen
Ei litteraturrute langs rv. 13 som skal setje fokus på næringsliv, kultur, samferdsle og reiseliv. Samarbeidspartar i prosjektet er : Garborgsenteret, Haugestiftinga, Lølandstiftinga, Jakob Sande-selskapet, Sivlelaget, LNK og Fjordvegen. Prosjektet er støtta av Kommunal- og regionaldepartementet, lokalaviser og sparebankar langs rv 13. 8 og 9 april vert det konferanse i Balestrand. Les meir om prosjektet og konferansen på diktarvegen.no.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...